Lokal | 12. okt. 2010

Skvulpa seg til Fosnavåg

Morten Tøsdal er godt på veg i andre forsøk på å få kryssaren sin heim frå Honningsvåg.

Skvulpa seg til Fosnavåg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. okt. 2010 08:12

Måndag for to veker sidan reiste Morten Tøsdal til Honningsvåg for å henta ein 69 fot lang kryssar han har kjøpt. Turen enda med øydelagt aksling utanfor Bodø torsdagen etter.

Morten og mannskap reiste heim til Os medan ny aksling var i produksjon ved ein lokal verkstad, ei veke seinare sette båteigaren seg på flyet nordover igjen.

Nytt mannskap
Mannskapet, pappa Olav og dei to kameratane Vidar Kaastad og Joakim Nordstrønen, er erstatta av Ronny Stabben.

- Ronny jobbar som kaptein på ein lastebåt, så om ikkje mannskept er så stort så er det meir enn godt nok, seier Tøsdal.

Lytta ikkje til tips
Klokka 9.30 fredag morgon var Tøsdal og Stabben på plass i Bodø. Montering av ny aksling gjekk unna, så i 14.tida var det berre til å handla proviant og gjera seg klar til å gå sørover.

Laurdag morgon la dei frå land medan staute nordlendingar sto på kaien og rista på hovudet.

- Vi blei åtvara mot å gå ut i den friske vinden, folk i hamna meinte det vinden ville løya på ettermiddagen. Men vi ville ha dagslys i starten så vi bestemte oss for å starta turen.

I 14 m/s vind og 7-8 meter høge bølgjer banka sjøen på ruta heile dagen.

Dag og natt
Første stopp var Stokksund i Sør-Trøndelag, måndag morgon var dei i Kristiansund og no har dei lagt seg til ro i Fosnavåg heilt sør i Møre og Romsdal.

- Vi har ei spinken køye i styrhuset som vi har skifta på å sova litt i, det har for det meste gått i eitt. Men no slappar vi av før vi går laus på Stadhavet og siste etappe.

Tøsdal får prøvd seg i litt vêr med kryssaren før den om ikkje så lenge sig inn den noko rolegare Bjørnefjorden.

- Vi reknar med å vera heime i Os natt til onsdag eller onsdag morgon, seier Morten Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.