Lokal | 31. aug. 2018

– Skulle gjerne vore ordførar ei stund til

Søviknes sin retur: Bruarøy om tida i førarsetet, returen til frisørsalongen og timinga til Terje.

– Skulle gjerne vore ordførar ei stund til
Kontoret er ryddig, men ikkje tømt. I helga skal Marie L. Bruarøy og Terje Søviknes bli einige om tidspunkt for overlapp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2018 15:08

I dag gjekk Terje Søviknes ut av regjering etter 20 månadar som olje- og energimister. Då Dagens Næringsliv i går omtalte informasjon frå sikre kjelder om den komande exiten, blei sitjande ordførar i Os overraska.

– Viss han skulle heim, så rekna eg med at det ville skje i haust, i god tid før valet neste år. Men eg visste ikkje at det var snakk om skifte av statsrådar no, og blei overraska over ryktet, seier Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H).

– Men eg forstår timinga. No får han god tid på seg til å koma tilbake i lokalpolitikken og i posisjon til valet i 2019.

Bruarøy steppa opp frå vara til ordførar då Søviknes fekk ny jobb. No må ho pakka saman nesten like raskt som den avtroppa statsråden.

– Terje har signalisert at han vil ha nokre dagar å omstilla seg på, og det passar meg greit. Eg har nokre ting å runda av og å gjera klart til overføring, seier Marie, og kastar eit blikk over eit uforskamma ryddig ordførarkontor.

– Vi skal ha ein prat i morgon og avtala nærmare kor tid og korleis overgangen blir.

Blir verande i 30 prosent

Marie seier ho har fått ei rekkje fine meldingar, helsingar og kommentarar det siste døgnet.

– Eg har hatt ei fantastisk fin tid, både her på rådhuset, der det er eit forrykande tempo og veldig muntert miljø, og ute i felten, der eg har fått delta på, og blitt kjent med, veldig mange spennande folk.

– Heldigvis blir ikkje endringa så veldig stor, jobben som varaordførar er ei stilling på 30 prosent, og eg blir sitjande i både formannskapet, kommunestyret og i fellesnemnda (Bjørnafjorden kommune).

Med ein ordførargemal som jobbar i Nordsjøen har det vore til hjelp å ha mamma i nabohuset. Besto har tatt tak, og dei to døtrene har takla det å ha ei travel mamma på ein god måte.

– Då eg i går sa at Terje kjem heim var «å, nei!», den første reaksjonen. Dei har vore veldig interesserte i jobben min, og vist god forståing for at det av og til har vore travelt, og for at telefonen har ringt litt oftare enn før.

– Men då eg la til at eg no skal tilbake på frisørsalongen, sa dei «å, ja!». Ungar er stort sett veldig omstillingsdyktige, synest Marie.

Fekk bestilling på frisørtime

Marie og ektemannen eig no frisørsalongen ho har jobba på i store delar av sitt vaksne liv. No skal ho tilbake til sine tre tilsette. Eller rettare sagt, ho skal opp i stillingsprosent.

– Eg har faktisk jobba der litt mens eg har vore ordførar òg, fast kvar fjerde laurdag. Det har vore ein fin måte å halda kontakt med både kollegaene mine og nokre av kundane på.

No blir det plass til fleire, og det står tydelegvis kundar klare.

– Det var ei som ringte i går, då ryktene om Søviknes sin heimkomst dukka opp i avisene, og ville bestilla time. Det synest eg er veldig kjekt.

Styrka før valkampen

At Søviknes kjem tilbake over eit år før neste val, betyr ikkje at Bruarøy har gjeve opp å få sitja i ordførarstolen igjen.

– Korleis har det påverka Høyre sin posisjon, at du har vore ordførar i nesten to år?

– Eg trur det har vore med på å styrka oss. Mange var nok spente då Os mista ein svært erfaren og dyktig Søviknes for to år sidan. I ettertid har vi sett at vi har klart oss bra. Terje er flink, men han er ikkje den einaste som kan styra Os.

– Det handlar ikkje berre om meg eller berre om Høyre, men heile den politiske landskapen. Med samanslåing med Fusa og komande val i Bjørnafjorden kommune er det nok fleire parti som har styrka seg, trur Marie Lunde Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.