Skulen er jamna med jorda
Lysekloster barneskule er riven. Måndag startar grunnarbeidet på ny skule, som skal stå klar i juni neste år.
Klasseromma på Lysekloster barneskule er jamna med jorda, medan administrasjonsbygget, mediateket og gymsalen står igjen.
Skulen, som i fleire år har slite med setningsskadar, fukt og dårleg innemiljø, skal endeleg bli ny.
– Rivinga starta då skuleferien starta og måndag er det byggestart med grunnarbeid og bygging av ny skule.
– Den skal vera ferdig til sankthans neste år, fortel prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen.
Brakker og klubbhus blir klasserom
På skuleplassen er det sett opp eit brakkebygg som skal erstatta nokre klasseromma som er tatt vekk.
– Mediateket skal også brukast til undervising, i tillegg har vi ein avtale med idrettslaget om bruk av klubbhuset.