Lokal | 19. mai 2016

Skuffa over dei andre partia

Ap ville bruka 5 millionar på to leilegheiter til ettervern innan rusomsorgen, men fekk ikkje med seg resten av kommunestyret. – Eg er skuffa, konstanterer Gisle Hesjedal.

Skuffa over dei andre partia
Gisle Hesjedal (Ap) er skuffa over at ikkje dei andre partia ville vera med å oppretta to nye treningsleilegheiter til ettervern innan rusomsorgen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. mai 2016 12:35

Onsdag handsama kommunestyret årsrekneskapen for 2015 og skulle samstundes disponera dei 50 millionane kommunen gjekk med i overskot.

Arbeiderpartiet sin Helge Steinum presenterte partiet sitt framlegg til overskotsdisponering der partiet ville, som rådmannen bruka 6 millionar på organisasjonsutvikling, 3 millioner til byggvedlikehald og 15 millionar til drift av nye plassar på Luranetunet.

I tillegg ville Ap omdisponera resten av overskotet i høve rådmannen sitt framlegg, mellom anna forslaget om 2,5 millioner til prosjekt betre læringsresultat, og i staden nytta 5 millionar til praktisk læringsmateriell i skulen, 16 millionar på forskutteringa av Åsen-Helleskaret og 5 millionar til to treningsleilegheiter for rusomsorgen.

Fell tilbake til rusen

Partikollega Gisle Hesjedal argumenterte sterkt for spesielt det siste punktet.

– I tenesteutvalet fekk vi ei orientering om rusomsorgen. Der kom det fram at spesielt dei som hadde vore på avrusing, gjerne så lenge som eitt år, ikkje har eit godt nok tilbod.

– Dette er folk som ikkje utan vidare kan flytta inn i ei vanleg leilegheit etter avrusing. Ein del av dei manglar buevne og må læra seg at frå å vaske leilegheita til å gå ut med bosset på nytt.

– I dag må dei flytta inn på Vartun saman med dei som er i aktiv rus. I Tenesteutvalet fekk vi opplyst at ingen av dei som har måtte flytta inn att på Vartun har klart å halde seg rusfrie. Fleire ville ha klart seg om dei hadde budd i ei treningsleilegheit i eit rusfritt miljø. Vi har ei treningsleilegheit i dag, men vi forslår to nye. I følgje administrasjonen har dei ressursar til å betene desse to innan dagen rammer, argumenterte Hesjedal.

Vil ta det i det ordinære budsjettet

Marie Bruarøy (H) annerkjende at Ap hadde nokre gode idear, men ville likevel ikkje gje si støtte.

– Eindel av dei bør vi ta i budsjettprosessen, mellom anna dette med rusomsorg og treningsleilegheiter. Det kan vera eit godt tiltak, men då bør kommunestyret få eit betre grunnlag. Dette er engangsmidler og vi skal vera forsiktige med å dra på oss driftskostnader, poengterte Bruarøy.

Ap fekk ikkje støtte for framlegget om dei to treningsleilegheitene.

– Eg er skuffa. Dette er dei svakaste, som verkeleg hadde trengt eit slik tilbod, kommenterte Gisle Hesjedal etter møtet.

Les korleis fleirtalet ville disponera overskotet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.