Skrekkeleg spennande på Nore Neset
Med dukketeater, show og spøkelsestunnel samla elevane inn pengar til SOS Barnebyer.
Nore Neset barneskule har denne våre jobba med temaet «barn på flukt».
Med ulike stasjonar i klasseromma og scene i gymsalen inviterte dei foreldra til ein kveld med både humor, alvor og underhaldning.
– Det koma masse folk og vi opplevde skikkeleg sydlandsk stemning, fortel rektor Børge Lunde.
I videoen over ser du elevane då dei i skuletida torsdag førebudde seg til kvelden.
Arrangementet samla inn pengar i med kafé, inngangsbillettar til ulike show og opplevingar, og sal av kunst elevane hadde laga.
OPPDATERT: Skulen samla inn 47.452 kroner i går, og har 5000 liggande frå ein haustkafé. Det samla beløpet, som går til SOS Barnebyer frå Nore Neset barneskule, er 52.452 kroner.