Kultur | 31. okt. 2016

Skrekkeleg gøy halloween-helg i Os

«Velkledd» og festklar: Sjå bildeserie frå Catten og ungdomsfest i Hegglandsdalen.

Skrekkeleg gøy halloween-helg i Os
Både på Catten Nightclub og i ungdomshuset i Hegglandsdalen møtte utkledd ungdom klar for halloween-fest.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 31. okt. 2016 15:07

Bildeserie:

Halloween på Catten.
Halloween på Catten.
Halloween på Catten.
Halloween på Catten.
Halloween på Catten.
Halloween på Catten.
Strobe og snø på dansegolvet på Catten.
Strobe og snø på dansegolvet på Catten.
Julie og Christine Moberg på fest i Hegglandsdalen.
Julie og Christine Moberg på fest i Hegglandsdalen.
Richard, Peter og Emir var Teletubbies og vann pris.
Richard, Peter og Emir var Teletubbies og vann pris.
Thomas Sørensen var tysk bubilturist og vann òg pris.
Thomas Sørensen var tysk bubilturist og vann òg pris.
Ungdomshuset var «fint» dekorert til fest.
Ungdomshuset var «fint» dekorert til fest.
238 inviterte gjestar frå 16 år og opp.
238 inviterte gjestar frå 16 år og opp.
Russebilen «To Be Continued 2017» var arrangør. Søndag var det vasking.
Russebilen «To Be Continued 2017» var arrangør. Søndag var det vasking.
1 av 10

I kveld kan du få utkledde ungar på døra, som spør om du vel knask eller knep.

I helga festa ungdomane frå seg, også dei i kostyme, truleg òg med både knask og knep.

– Halloween-festane vår plar vera populære og vi hadde ganske bra oppmøte også i år, seier Bjarte Andersen hos Catten Nightclub.

– Mange hadde kledd seg ut og stilte med veldig gjennomførte kostymer.

– Stemninga var veldig god og vi hadde null bråk.

Russ samla over 200 ungdomar i Hegglandsdalen

I ungdomshuset i Hegglandsdalen var det samla over 200 ungdomar til halloween-fest.

– Vi har 238 inviterte, frå 16 år og oppover. Det er ein lukka fest med gjesteliste, fortel Miriam Askvik frå russebilen «To Be Continued 2017».

98-årgangen er russ neste år og festen er ei av inntektskjeldene til jentene på bilen.

– Det har vore stor pågang frå folk som vil på festen, også frå bergensområdet. Det var dessverre ikkje plass til alle.

«Snille» vinnarar

– Det er ikkje alltid lett å laga fest, men vi har både dekorert ungdomshuset og passa på at vi har 20 vaksne vaktar, at dette skal bli ein gøy og trygg fest for alle, sa Miriam før festen starta.

Politiet var utanfor festlokalet etter slutt, men hadde ingen notatar frå ungdomsfesten søndag morgon.

– Alle hadde vore flinke og kledd seg ut og vi har fått veldig fine tilbakemeldingar. Det blei òg kåra beste kostyme.

Vinnarane var ikkje dei som spreidde mest uhygge denne kvelden:

Vinnar av beste kostyme: Thomas Sørensen som tysk bubilturist.
Beste par-kostyme: Richard Kleppe, Peter Lund og Emir Sivac som Teletubbies

Sjå òg, bildeserie frå 2015: Blodige smurfar vann halloween-pris i Øyane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.