Skreiv ut bot - til ein parkeringsvakt!
Torry Drange trudde knapt sine eigne auge då han såg kven som hadde tatt parkeringsplassen hans.
– Eg kunne jo ikkje la den sjansen gå ifrå meg, seier Torry til Midtsiden.
Den utflytta lysefjordingen sin episode med parkeringsvakten som fekk smaka sin eigen medisin er allerereie omtalt på VG.no.
Drange jobbar med sponsorservice og har hatt kontor i Sandvika i Bærum dei siste tre åra.
– Det har hendt at folk har oversett skiltet med privat parkering før, men aldri av ein uniformert bil frå eit parkeringsselskap. Dei private parkeringsselskapa har eg litt i halsen frå før, blant anna etter eg hadde kontor i Bergen. Vaktane kunne sjå at vi lossa ein lastebil med varer og likevel snika seg bak bilen for å skriva ut gebyr til bilane vi flytta i samband med lossinga.
Handskriven bot dårleg mottatt
Torry tok bilde av bilen frå Q-Park og gjekk inn på kontoret og skreiv ei handskriven bot på 800 kroner (sjå bota i eiga fil under hovudbildet).
Då han såg føraren koma tilbake til bilen sprang han ut og konfronterte han med feilparkeringa.
– «Eg skulle bare ...» byrja han. Det same som vi andre seier om vi blir tatt, seier Torry og ler.
Drange tok òg bilde av bota og sendte epost til parkeringsselskapet. I eposten sto det:
Vedlagt er kopi av bot gitt til en av deres biler.
Parkert i Anthon Walles vei 36
1397 Sandvika.
Klokken 14.15 til 14.50
Bilder er også vedlagt som bevis.
Gjør gjerne denne opp utenfor rettsvesenet.
– Då ringte dei ei dame med stavangerdialekt og var skikkeleg frekk. Det var ikkje snakk om å beklaga seg, å innsjå at dette var pinleg, det einaste ho var opptatt av var at eg ikkje hadde løyve til å skriva ut parkeringsbøter.
– Eg prøvde å anbefala ho at eg fekk snakka med ein leiar for selskapet, dette kunne dei jo gjort ein fin omdømmesak av; at til og med Q-Park gjer opp for seg når dei gjer feil. I staden blei det motsett.
– Kunne fått gåvekort
Til VG skriv kontrolldirektør Kine Lørdal i Q-Park dette i ein epost:
«Hensikten med telefonsamtalen var å beklage feilparkeringen, noe som også ble gjort. Vår ansatt informerte samtidig om at vi ikke anser boten han ila som reell grunnet manglende hjemmel for ileggelse. Dersom han oppfattet vår ansatt som frekk, beklager vi det. Det er ikke slik vi ønsker å fremstå.»
– Det er ikkje pengane som er viktig her, det er prinsippet, seier Torry Drange.
– Men dei kunne no gitt meg eit gåverkort, så kunne eg betalt med gåvekortet neste gong eg sjølv får parkeringsbot.