Skitne knep på Skeie
Då huseigar kom heim etter to veker ferie fann ho inngangsparti, dør og dørklokke utsett for det ho trur er halloween-hærverk.
Det blei ingen knask på ungane som kom på døra hos kvinna som var på ferie, men knepa dei har utsett huset for er skitne, meiner sonen.
– At ungane har byrja å feira halloween er heilt greit for min del, men ikkje om dei skal ta «knask eller knep» til dette nivået her, seier sonen til kvinna som eig huset.
Han har i dag hjelpt mora med å vaska veggar og dører.
Egg og gresk yoghurt
Inngangspartiet på bustaden er pepra med egg. I tillegg er det smurd yoghurt oppetter veggar og dører.
– Terrassedøra er tilgrisa med yoghurt og jord, på terrassen ligg ein tom boks med gresk yoghurt igjen.
I tillegg er ringeklokka øydelagt.
Ber foreldre prata med ungane
Etter det huseigar kjenner til er det ingen av dei nærmaste naboane som har vore utsett for tilsvarande hærverk.
– Eg er glad ho kom heim i dag, elles ville nok vaskejobben blitt endå verre. Egg og yoghurt kan nok skada lakk på dører om ikkje det blir vaska vekk i rimeleg tid.
– Eg håper foreldre vil snakka med ungane sine før dei sender dei ut for å tigga snop. Dei får oppføra seg som nyttårsbukkar, dette med hærverk er ikkje morosamt.