Skipar Friidrettens dag på Kuventræ
Laurdag er alle barn mellom 6 og 12 år invitert til Kuventræ for å testa anlegget og ulike friidrettsøvingar. – Dette har vore veldig populært andre stader i landet, fortel Åge Gulbrandsøy.
Etter at det nye friidrettsanlegget på Kuventræ blei opna i september i fjor haust har friidrettsgruppa til Os Turn opplevd ein stor vekst og i tillegg blitt plukka ut til å vera ein satsingsklubb for Noregs Friidrettsforbund.
Laurdag inviterer dei til Friidrettens dag på Kuventræ.
– Det er er eit ope arrangement kor alle er hjarteleg velkommen til å prøva ulike øvingar. Det er inga krav om forkunnskap eller at ein har freista friidrett før. Her er det berre å stilla, seier Åge Gulbrandsøy, styremedlem i Os Turn Friidrett.
– Målet er å få flest mogleg ut på friidrettsbanen.
Henta ideen frå samarbeidsklubbar
Ideen til dagen har dei fått etter å ha snakka med andre satsingsklubbar i friidrettsforbundet.
– Det er første gang vi gjer det på Kuventræ. Tilbakemeldingane frå andre klubbar rundt i landet er at dette både er veldig kjekt og at det har slått positivt ut på rekrutteringa. Tanken vår er at det skal bli eit årleg arrangement.
Inga konkurranse
Friidrettsgruppa vil rigga til med alt av utstyr, også tidtakingsutstyr og anna måleutstyr for å køyre øvelser som 60 meter, lengde, høgde, kule, spyd og hekkeløp.
– Om det er nokon som har lyst til å freiste andre ting, så kan det godt vera at vi klarer å få til det også.
– Det blir inga konkurranser denne dagen. Alle skal få prøva seg, så mange ganger dei vil, og alle vil bli premiert med deltakarmedalje. Det er inga påmelding til arrangementet. Det er berre å møta opp frå klokka 12, avsluttar Gulbrandsøy.