Skeptiske til høgde og volum
Plan- og bygningsutvalet tykte skissene var litt voluminøse, men var meir opptekne av området utanfor planen.
I plan- og bygningsutvalet sitt møte i førre veke låg saka om oppstart av detaljregulering, endring av E1, Jordmordsvingen på bordet. I si innstilling peika administrasjonen på at skissene som var presentert i søknaden (sjå bildeserien, journ.mrk) kunne virka noko massive, og at tiltakshavar viser alternative byggehøgder når saka kjem til 1. gongsbehandling.
Dette fekk administrasjonen tilslutning til frå politikarane.
– I tillegg vil vi foreslå eit ekstra kulepunkt, kor vi ber om at planen blir sett i nøye samanheng med Os Vest-planen, kommenterte Gustav Bahus (Frp), noko han fekk støtte på frå dei andre.
Tiltakshavar ønskjer å regulera for framtidig utvikling av eigedomane med utbygging til bustad og næringsverksemd.
Kva med ingenmannslandet?
Både Harald Døsen (Ap) og Terje Sperrevik (TvS) spelte inn om planen tok med seg alt den trengte for sentrumsutviklinga.
– Då vi handsama Landboden-reguleringa blei det diskutert tunnell under Giskavollen. Eg ønskjer å halde den varm og at vi tek omsyn til inngang/utgang til tunnellen med denne planen. Det går litt på plangrensene, kommenterte Døsen.
– På mange måter er det eit interessant innspel. Eg ser for meg at den burde gå lengre sør. Slik det er no, så ligg det området igjen som eit ingenmannsland. Eg kunne egentleg tenkt meg at vi hadde tatt det med i Os Vest-planen. Det har tidlegare blitt nemnd eit lokk over hovudvegen her for å trygga gangtrafikken. Vi må sjå no, kva vi har behov for om Osøyro i løpet av dei kommande 50 åra trekk seg nordover Osdalen.
– Med så store volum som er nemnd, så blir det ganske store klossar og ganske tett. Det er eit spennande prosjekt, men det er òg ein god del utfordringar med det. Eg reknar med det vil bli kampar i området. Difor saknar eg at vi klarar å sjå heilskapen, ikkje berre ta del for del, poengterte Sperrevik før utvalet samrøystes vedtok administrasjonen si innstilling:
«Plan- og bygningsutvalet (som ansvarleg planmynde) godkjenner i medhald av plan- og bygningslova § 12-8, at det vert varsla oppstart av arbeid med endring av felt E1 i reguleringsplan for Osøyro, detaljregulering for Jordmorsvingen, 55/335, m.fl. i samsvar med søknad datert 05.01.2016, planområde datert 12.01.2016 og på fylgjande vilkår:
- Høgder på vedlagt utkast verkar noko massive i høve områda rundt. For å sikre skånsame overgangar og tilpassing til området rundt, må alternative byggehøgder visualiserast og vurderast før planen vert sendt inn til 1.gongshandsaming. Truleg bør høgdene reduserast i forhold til vist planutkast.
- Retningslinjer for parkering i sentrum, jf. gjeldande norm, vert lagt til grunn for det vidare planarbeidet.
- Planarbeidet må sjå på trafikale løysingar som tryggje tilhøva for skuleungar i krysset Giskavollen – Jordmorsvingen.
- Planen må sjåast i samanheng med planen for Os Vest.»
Espen Aspenes (Frp) var ugild i saka som gjenbuar til planen. Veronica Haugland (Frp) tok han sin plass.