Skattejakt og foredrag på Lysøen
Venneforening med tilbod for båda vaksne og ungar.
Mens villaen er stengt for restuarering, er det andre formar for aktivitet og turgåing på øya.
Venneforeningen til Lysøen arrangerer familiedag på Lysøen førstkomande søndag.
Arrangementet er gratis, det er berre båtturen over som kostar nokre kroner.
I løpet av familiedagen kan både ungane og dei vaksne bli betre kjent med øya.
– Programmet har to delar, fortel Inger Berit Bøyum frå Lysøens Venner.
Skattejakta er for heile familien, og går på dei fine stiane av skjelsand rundt på øya.
Her er det om å gjera å finna nokre av skattane som sjørøvarar tidlegare har mista.
– Den andre delen er eit kort foredrag om Lysøen og Ole Bull, og ein liten fiolinkonsert ved det vakre Lysevatnet inne på øya.
Der skal den 18 år gamle musikkstudenten Lea von Hofacker spelar musikk av Ole Bull.
– Programmet blir gjentatt fleire gongar i løpet av dagen. Publikum og skattejegerar kan koma til øya til ulike tider, men det kan vera greit å kjøpa billett på Kode eller TicketCo på førehand.
Familiedagen varer frå klokka 11 til 15, men dei siste jegerane må koma seg i gang innan klokka 13.30.
«Lysøens venner» er ei foreining som vart skipa i 2010, og har som føremål:
Å auka interessa for Lysøen og støtta museet sine aktivitetar ved å skipa til arrangement som kan stimulera til meir bruk av øya og investera til støtte for Lysøen.