Skaten og Bruarøy vann «Ulvenvatnet Rundt»
Geir S. Skaten var raskast i det nye 6,7 km lange løpet. Christina Forstrønen Bruarøy vann kvinneklassen.
Laurdag ettermiddag arrangerte Os Friidrett «Ulvenvatnet Rundt» for første gong.
Det var to ulike korte løyper, mens hovudløpet hadde ei løype som var lagt i ei sløyfe oppom brannstasjonen, over Liafjellstunnelen, og var 6.650 meter lang.
Finvêret og andre løp, som Linken Opptur i dag, gjorde nok at deltakartalet ikkje blei riktig så høgt som arrangørane håpte på, men dei som deltok var både nøgd og fekk god konkurranse.
– Det var ei morosam og fin løype, roste vinnar Geir Skaten etter at han kom i mål på 25.52 og ny løyperekord. Stemninga blant dei andre deltakarane var like god. Alle var godt nøgd med gjennomføringa av tidenes første offisielle Ulvenvatnet Rundt.
Sjå stor bildeserie på Midtsiden si facebookside
Velfylt premiebord
Raskaste kvinne rundt vatnet blei Christina Forstrønen Bruarøy, som med 30.02 var suverent raskeste av damene, og rett bak pallen i herreklassen.
Både ho, Skaten og dei andre klassevinnarane kunne forskyne seg av eit velfylt gåvebord med pengepremiar og gåvekort frå Bo Eiendomsmegling, Amfi Os og Actic.
Resultatliste
Den lange løypa i Ulvenvatnet Rundt gjekk, retning med klokka, frå Kuventræ til Beredskapssenteret (brannstasjonen) på Moberg, vidare opp lia og ned igjen til Ulvensletta før deltakarane løp gjennom Sigurdsvika og Os VGS tilbake til Kuventræ
Lengde på løypa er 6650 meter.
Menn:
Geir Skaten, 25.52
Jon Vegar Bjune, 27.49
Erik Vaktskjold, 29.13
Ingve Bergheim, 31.54
Eivind Hodneland, 32.00
Trond Blomberg, 32.06
Sten Inge Hauge, 33.45
Magnus Haaland, 36.06
Frankie Gindl, 41.00
Oddbjørn Aspenes, 41.05
Arne Åkvik, 49.35
Kvinner
Christina Forstrønen Bruarøy, 30.02
Kari-Ann Vaktskjold, 37.24
Marianne Olsvold, 41.14
Andre distansar
Kort løype (600 m), urangert
Julie M Nordfonn, 3.08
Angelina Tvedt, 5.13
Erlend Højgaard, 3.27
Mona Gulbrandsøy, 3.18
Synne Hjertaker, 2.47
Kristian Tolleshaug, 2.33
Stina Tolleshaug, 3.07
Leon Haaland, 3.43
Eirik Olsen, 3.10
William Skaten, 2.37
Noa Sebastian Bjune, 3.18
Mellomlang løype (1850 m)
Martin Hjertaker, 8.54
Tea Caspara Bjune, 10.08