Skåra tre i «siruptempo»
Ikkje nøgd etter treningskamp mot Varegg.
Os tok onsdag kveld imot Varegg til treningskamp. Varegg var lenge ei hard nøtt å knekka for Os, men dei rykte ned til 4. divisjon etter ein tøff 2018-sesong.
Likevel gav dei Lysekloster kamp tidlegare i vinter, og tok leiinga over Os i går.
Os - Varegg 3-3 (0-2)
Målskårarar, Os: Stian Dyngeland, Rune Mo (straffe) og Sander Kvittingen.
– Totalt sett var det ein skuffande kamp av oss. Vi brukte for lang tid med ball og vi viste for lite mobilitet både med og utan ball, synest Os-trenar Endre Brenne.
– Det kom seg litt i andre omgang, og det var nokre fine skåringar, spesielt det siste angrepet, der Sander skåra.
0-2 blei til 2-2 og 2-3 før Kvittingen utlikna.
– Vi har hatt ei betydeleg tøffare fysisk oppkøyring enn tidlegare, så gutane er nok litt tyngre i beina enn dei normalt er på denne tida. Men det nærmar seg sesongstart, så eg hadde håpa at vi skulle sjå litt betre ut enn det vi gjorde i går.
Os stilte utan Roger Ekeland, Marius Mikkelsen, Rafael Villén og Kasper Færøvik.
Os frå start: Chris Sunde Midtun - Espen Haraldseid, Vegard Strønen Skeie, Casey Reid, Torgeir Lunde - Rune Mo - Steffen Kvamsdal, Andeas Kytiri - Thomas Spilde, Stian Dyngeland og Øystein Takle Eide
Innbytarar med speletid: Anders Havsgård, Sander Kvittingen, Sander Dyngeland, Kristoffer Røttingen, Elias Myrlid, Lars Hadler Olsen og Tobias Nøss.
Verken Sander Dyngeland, som er bror til Stian, eller britiske Casey Reid, er førebels signert.
Neste treningskamp skulle gått mot Åkra til helga, men grunna tiltak i samband med koronaviruset blir det ei stund til neste fellestrening og kamp.