Skåra for Lysekloster
Lysekloster hadde full kontroll på Bjarg i årets første treningskamp. Tidlegare Os- og Nore Neset-spelar Martin Eidsvik skåra kampens første mål.
Onsdag kveld tok nyopprykka Lysekloster imot Bjarg til treningskamp på Edne.
Lysekloster er ny i 3. divisjon i år, Bjarg, som tapte 1-2 og spelte 1-1 mot Os i serien i fjor, landa på 8. plass i 2012.
Lysekloster - Bjarg 3-0 (1-0)
Målskårarar: Martin Eidsvik, Joakim Hovden og Sigve Rørstad.
– Vi hadde berre halve A-troppen disponibel i går, men klarte oss veldig fint. Vi hadde full kontroll, seier Ørjan Sandal.
– Dette viser at vi både har god breidde og at det blir kamp om plassane denne sesongen, legg han til.
Lysekloster: Kjetil Hansen, Eirik Musland, Ørjan Skilbrei, Steffen Finsådal, Sigve Rørstad, Eirik Indredavik, Johannes Jordal, Martin Eidsvik, Joakim Hovden, Kim Kleivedalen og Christian Almeland
Innbytarar med speletid: Lars Henrik Skage og Magnus Sandvåg
Midtsiden samleside: Lysekloster fotball