Lokal | 02. okt. 2013

Skapte seg på senteret

Politiet: Mann var utagerande mot kunder på Amfi. Tiggar på Bogstrand og merkeleg oppførsel i Hegglandsdalen. Råkøyring på Byvegen.

Skapte seg på senteret
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy
Andris Hamreonsdag 02. okt. 2013 09:44

Medan politiet måndag formiddag var oppteken med etterforsking av innbrotet på ungdomsskulen, har resten av dagen vore rolegare.

– I 18-tida fekk vi melding frå vektaren ved Amfi Os om ein mann som var utagerande mot andre kunder på senteret.

– Mannen, som er ein kjenning av politiet, forlot etterkvart staden i taxi, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Tiggar, og merkeleg oppførsel

Omlag ein halvtime seinare kom melding om at ein kar i 50-60 åra gjekk på dørene i Bogstrandvegen.

– Han viste fram ein lapp som sa han var stum. Dette er ei type meldingar vi får frå tid til anna. Vi fekk òg ei god skildring av mannen.

– I 21-tida kom det ny melding, denne gongen frå Hegglandsdalen kor ein kar i 20-30 åra oppførte seg merkelig.

– Han berre sto og hang. Då folk kontakta han, trakk han seg berre unna, forklarar Hadler-Olsen.

Råkøyring

Litt før midnatt fekk patrulja frå lensmannskontoret melding om råkøyring på Byvegen.

– Meldinga kom frå strekninga mellom Søfteland og Os.

– Vi traff ikkje på vedkommande, avsluttar politiførstebetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.