Lokal | 25. okt. 2010

Skaper nytt liv

Vindfanget har flytta frå Lurane til Finnebrekka og skapt nytt liv i den gamle skulebygningen ved Osheim.

Skaper nytt liv
Andris Hamremåndag 25. okt. 2010 21:10

I januar overtok Kirkens Sosialtjeneste den gamle skulebygningen i Finnebrekka som Helse Bergen hadde flytta ut av. Saman har deltakarane og dei ansatte brukt våren og sommaren til å pusse opp.

- Bygget var gamalt, slitt og hadde eit frykteleg institusjonspreg, så vi har hatt litt av ein jobb med å gjera det til ein triveleg arbeidsplass for både deltakarane og dei tilsette på Vindfanget, fortel leiar Gunnvor Hernes Leonsen.

Oppussinga har dei stått for sjølv, med god hjelp av frivillige og deltakarane.

- Her har vi stått side om side og mala og snekra for å skapa oss ein fin arbeidsplass, smiler leiar Gunnvor Hernes Leonsen.

- Fortsatt er det litt arbeid som står att, mellom anna skal vi gjere eit rom om til arbeidsrom og eit anna til møterom, men med tida til hjelp og flittige hender kjem vi i mål, seier Leonsen.

Huset er prega av nytt liv. I eit rom skapast det vakre kunstverk og nyttige produkter av tau. I sofagruppa sit nokre av deltakarane med kaffikoppen og løyser dagens verdsproblem. På ein sur haustdag der snøen lavar ned utanfor blir midtsiden.no møtt med varme og ro.

Viktig møteplass
Vindfanget er ein viktig møteplass for deltakarane på veg frå rusbehandling eller fengselsopphold tilbake til dagleglivet og normale arbeidsoppgåver. Formålet er å dekke eit hol i kjeda frå behandling til normalt liv.

- Vi arbeider mykje med å forplikte deltakarane. Dei skal gje beskjed om dei ikkje kjem som avtalt. Og rus er det nulltoleranse for, seier Leonsen.

- Om nokon går på ein sprekk får dei ikkje koma hit i opningstida. Då tek vi oss heller ein tur heim til dei og tar ein prat for å finne ut kva vi kan gjera for å få dei i gang att, fortel Leonsen.

Tidleg kontakt
Vindfanget opprettar kontakt med deltakarane allereie mens dei er til behandling eller i fengsel for å hjelpe dei til å førebu seg til ein kvardag utan rus og med normale rutinar. Tett oppfølging inn mot hjelpeapparatet elles er ein føresetnad.

- Det å kome her er ein viktig del av den daglege rutinen for deltakarane. Her kjem dei på arbeid, enten det er i sykkelverkstaden, på kunstnarrommet eller som vaktmestarar på bygget, fortel Hernes Leonsen.

- Kvar dag lagar vi eit varmt måltid kor vi samlast rundt bordet før vi går heim. Middagslaginga går på rundgang der vi hjelper kvarande, avsluttar Gunnvor Hernes Leonsen.

Nytt liv til gamle syklar
I ein gamal uisolert garasje har Vindfanget installert sykkelverkstaden. Med topp utstyr og erfarne hender tek dei på seg å fiksa bremsar, gir og anna som trengs for å få syklane ut på hjul igjen.

- Vi har eit godt samarbeid med sportsforretningane i bygda som visar kundane til oss om dei ikkje har tid og kapasitet sjølv, fortel arbeidsveileder Harald Nilsen.

Omlag 100 syklar har i løpet av sommaren blitt fiksa i den gamle garasjen. Dei brukar originale delar og går ikkje av vegen for å bestille delar langvegsfrå.

Pris og type sykkel spelar ingen rolle fortel Nilsen i det han visar midtsiden.no ein Bianco-sykkel som kostar 12-15.000.

- Akkurat no ventar vi på ein del frå Italia til denne sykkelen. Delen kostar 600 kroner, med arbeidet må vel eigaren betala omlag 1.000 kroner for å få han i stand igjen, sier Nilsen.

Rimelige reperasjonar
Å få fiksa sykkelen sin hos Vindfanget treng ikkje bli ein dyr affære. Med ein timepris på 220 kroner og forsiktig føring av timar kostar ein normal reperasjon frå 2-500 kroner avhengig av kva delar som lyt skiftast.

- Vi driv jo med arbeidstrening, så vi tek ikkje ein time for ein time då eindel tid går til opplæring, fortel Nilsen.

Nostalgi
Nilsen tek midtsiden.no med på bakrommet og visar fram to gode gamle tre-girs DBS-syklar dei nettopp har satt i stand.

- Vi opplever stadig fleire som kjem med gode gamle syklar som har stått i mange år og som dei lurar på om vi klarar å fiksa for dei.

- Eigaren av desse to kom med tre syklar og lurte på om vi klarte å få til ein brukanes. Vi klarte to med delane frå dei tre opphavelege, seier Nilsen stolt.

Har du ein sykkel du skal kvitta deg med, men som fortsatt kan nyttast er Nilsen rask med å sei at du i staden for å levera den på bosset kan levera den til Vindfanget.

- Vi bruker dei delane vi kan frå gamle syklar. Kan vi sette dei i stand, så gjer vi det og sel dei for ein billeg penge, avsluttar Harald Nilsen.

Fakta om Vindfanget Oppfølgingssenter

  • Eigar og driftar: den ideelle stiftelsen Kirkens Sosialtjeneste (www.kirkenssosialtjeneste.no)
  • 2,7 tilsette
  • Ope måndag, onsdag og torsdag 10-14. Oppfølging etter avtale tysdag og fredag.
  • Held til i Finnebrekka 28 i Os sentrum
  • Stiftelsen har eit kristent verdigrunnlag.
  • Jobbar utfrå rusfaglege og sosialfaglege metodar.
  • Samarbeidar mellom anna med kommunen, NAV, Kriminalomsorgen og Spesialisthelsetjenesten.
  • Driftsbudsjett på omlag 2 millioner. Os kommune bidreg med 580.000. Anna finansiering gjennom gåver, prosjektmidlar og tilskot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.