Skal tennast fredag morgon
Har du utsikt mot Borgafjellet? Då kan du følgja med på tenninga.
Fredag kveld skal julegrana i Os sentrum tennast, fredag morgon blir det tenning av dei tre 50 meter lange lyslenkene i masta på Borgafjellet.
– I fjor var det tenning klokka 08.45. I år framskyndar vi til 08.30, så det er litt mørkare når lysa blir tente, seier Leif Ragnar Tveit frå Os Kulturutvikling.
Soloppgang på Osøyro er klokka 09.11 fredag.
– Klatrarane har vore oppe med linene, i morgon går vi til fjells for å heisa opp lyslenkene.
I fjor blei både sikringsskap og liner skifta ut, og fleire sponsorar slutta seg om innsamling på Spleis, så over 40.000 kroner kom inn til ekstrautgifter.
Det er heller ikkje gratis med normal drift, innleige av klatrarar og straumforbruk er blant dei faste kostnadane.
– Vi har fleire sponsorar. Dei siste seks åra har Bolaks vore hovudsponsor. Dei er med i år igjen, og stiller på Borgafjellet barneskule under tenninga fredag. Då er òg barnehagen invitert bortom, fortel Tveit.
Om lysa på Borgafjellet:
• Kvar av dei tre lyslenkene er cirka 50 meter lange
• Det er til saman 450 lyspærer på dei tre lenkene
• Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
• Kvart år sidan 1999, etter initiativ frå Arne Martin Holen, har det vore lyslenker i masta på toppen
• Les meir om historikken til lyslenkene som Os Kulturutvikling eig og driftar.