Lokal | 29. mai 2013
– Skal, skal ikkje?
Sol og 24 varmegradar får ungdomen til å sleppa seg laus i Os i dag.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. mai 2013 14:55
Finvêret vi har hatt til no denne veka blei onsdag toppa med tynt skylag og minst 24 varmegradar.
Det fekk blant anna seks 9. klassingar til å hoppa uti der Oselvo møter Bjørnafjorden rett etter skuleslutt i dag.
– Det var varmare i Oselvo då vi hoppa uti bak Landboden, påstår éin av dei.
– Det er i alle fall for varmt til å vera på skulen, seier ein annan.
Dei neste dagane skal det skya til og bli litt lågare temperatur, truleg også med litt nedbør i helga, spår både Yr og Storm.
Men Yr melder ein ny godvêrsperiode frå tysdag, med sol og temperaturar på rundt 18 gradar utover i veka.