Lokal | 20. juni 2013

Skal sjefen innta Osøyro?

– Dei var ikkje redd bilane, fortel Thomasz Pazera, som møtte Hamnesjefen og resten av svanefamilien på Osbrua i dag.

Skal sjefen innta Osøyro?
Svanefamilien i marsj over Osbrua torsdag morgon. (Lesarbilde: Thomasz Pazera)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juni 2013 13:28

Torsdag morgon litt over klokka 6 var Thomasz på veg til jobb. På Osbrua møtte han knoppsvanefamilien som bur i Oselvo.

– Det var utruleg bra syn! synest han.

Bilane kjørte varsamt forbi.

– Dei var ikkje redd for bilane i det heile tatt, fortel Thomasz.

Frå før er svanefar vant med å jaga både småbåtar og cabincruisarar i Os hamn, noko som har gjeve han kallenamnet Hamnesjefen.

No ser det ikkje ut som om han har problem med å ta sjefsrolla med seg i nye omgjevnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.