Lokal | 07. mars 2012

Skal løya i ettermiddag

Dei kraftige vindkasta onsdag morgon skal ikkje ha skapt problem i bygda. I ettermiddag skal vinden løya.

Skal løya i ettermiddag
Vinden kom såpass frå aust at det ikkje blei mykje skvulping inne i hamna. Men moloen på Steinneset slo bølgjene over. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. mars 2012 09:29

Med stiv kuling og kanskje endå kraftigare i kasta blei det ein luftig start på denne onsdagen.

Men Osbygda ser ut å ha takla vinden bra, verken teknisk vakt i Os kommune eller brannvesenet har fått meldingar knytt til den kraftige vinden.

Og i ettermiddag er det over, klokka 12 skal vinden over frå stiv til liten kuling, i 16-tida ned til laber bris.

Regnet held ifølgje Yr.no fram til i 19-tida.

Verre blir det fredag, då er det venta 49 mm nedbør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.