Skal løfta nynorsken i Vestland
Nynorskfylket Vestland skal jobba for å auka bruken av og fremja nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke.
Dette vart bestemt då fylkesutvalet 26. november vedtok mandat for nettverket Nynorskfylket Vestland.
Nettverket skal vera ein arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar.
Dette skriv Vestland fylkeskommune på nettsidene sine.
Samarbeid sentralt
– 20 aktørar har slutta seg til Nynorskfylket Vestland, og fylket vårt er kjerneområdet for nynorsk. Som fylkeskommune skal vi fremja nynorsken, men vi kan ikkje gjere det åleine. Å ha både det offentlege, lag og organisasjonar og privat næringsliv med på laget, er heilt avgjerande. At vi har eit klart og godt mandat å jobba etter, blir ekstra viktig med så mange aktørar og ulike interesser med på laget, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkeskommunen skriv vidare at mandatet seier at Nynorskfylket Vestland vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitalisering, kunst, opplæring og arbeids- og næringsliv.
Nettverket har hatt to møte i år, blant anna oppstartsmøtet i juni. Vestland fylkeskommune vel leiar for og har sekretariatsansvar for nettverket, skriv fylkeskommunen.
Mandat for Nynorskfylket Vestland
Følgjande ligg i mandatet Fylkesutvalet vedtok:
Nynorskfylket Vestland er eit nettverk som jobbar for auka bruk og fremjing av nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. Nettverket er arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar. Vi vil fremja nynorsk språkidentitet og klarspråk. Vi vil løfta nynorsk som daglegspråk, i digitaliseringa, i kunsten, i opplæring, arbeids- og næringsliv. Nettverket kan gje råd til folkevalde organ i nynorsksaker.
Deltakarane i Nynorskfylket Vestland representerer frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland.