Lokal | 29. aug. 2018

Skal laga nytt strandsonekart i Os

Plan- og bygningsutvalet skal i morgon bli einige om kva prinsipp kartet skal teiknast etter.

Skal laga nytt strandsonekart i Os
Naust og hus ved Hauglandsjøen. Prinsippskissene innfelt. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy, skisse: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. aug. 2018 12:31

Bildeserie:

Prinsippskisse - der administrasjonen meiner alternativ 2 er best. (Os kommune)
Prinsippskisse - der administrasjonen meiner alternativ 2 er best. (Os kommune)
Arealstatus i strandsona i Hordaland. (SSB.no)
Arealstatus i strandsona i Hordaland. (SSB.no)
Nore Neset sin nærsenterplan kan påverka strandssonekartet. (kartios.no)
Nore Neset sin nærsenterplan kan påverka strandssonekartet. (kartios.no)
Det nye feltet på Torsneset: Fleire krinsar har bustadområda sine i 100-meterebeltet. (kartios.no)
Det nye feltet på Torsneset: Fleire krinsar har bustadområda sine i 100-meterebeltet. (kartios.no)
1 av 4

Den generelle byggegrensa i strandsona er som kjent 100 meter frå sjø, men plan- og bygningslova paragraf 11-9 gir rom for at kommunane kan setja eigne byggegrenser ut frå ulike byggeformål.

Plan- og bygningsutvalet i Os kommune har bedd administrasjonen om å utforma eit strandsonekart.

Administrasjonen si tilråding er at politikarane støttar forslaget om å utforme eit strandsonekart ut frå følgjande metodikk:
• Alle føremål innan indre sentrumskjerne (Osøyro): 5 meter
• Bustadområde innan nærsenterområda: 25 meter
• Bustadområde utanfor nærsenterområda: 50 meter
• Hytteområde: 30 meter
• Næringsområde: 0 meter
• Naust: 0 meter
• Andre arealførmål: 30 meter

Opplistinga av byggeformål er ikkje uttømmande.

– Før vi teiknar kartet har vi utarbeidd to alternativ til prinsipp å jobba etter, seier kommunalsjef Aina Tjosås.

Desse prinsnippa skal opp til behandling i møtet torsdag (sak 18/28159).

Krinsane sine sentrum - og strandsone

Strandsonesaka ligg samla med to andre plansaker, nærsenterplan for Søfteland og innspel til tilsvarande plan på Nore Neset.

– Dei kunne lagt kvar for seg, men er alle tre saker som skal inn i den overordna kommuneplanen. Målet er at kommuneplanen skal vere ferdig i inneverande kommunestyreperiode, seier Tjosås.

– Påverkar nærsenterkart for enkelte krinsar likevel strandsonekartet, sidan det i sentrumsnære område blir byggegrense nærmare sjø?

– Ja, når vi kjem til Lysefjorden og Søre Øyane gjer det det, men delvis òg på Nore Neset.

Dagens situasjon - og dei to alternativa

Tilbake til strandsona; i prinsippskissa (ligg òg med illustrasjon og tekst i bildeserien over) fortel administrasjonen om dagens situasjon før dei lister opp to alternativ til prinsipp å jobba etter når kartet skal teinast.

Dei meiner sjølv at alternativ 2 er best.

Dagens situasjon: I gjeldande plan er det lagt inn ei buffersone mot sjø på mellom 25 og 50 meter, tilpassa eksisterande bebyggelse og tomtegrenser. Denne buffersona er lagt inn som framtidig friområde, då det ikkje var andre formål som kunne brukast. Fylkesmannen meiner no at kommunen ikkje har ei byggegrense mot sjø, og viser til den generelle 100-metersgrensa.

Alternativ 1: Byggeområda blir justert og er samanfallande med funksjonell strandsone. Eit alternativ er at grensa for byggeområda mot sjø blir justert i samsvar med grensa mellom funksjonell strandsone og privatisert strandsone. På denne måten vil ein «vinna» noko areal og «tapa» noko areal.

Alternativ 2: Funksjonell strandsone blir lagt inn som omsynssone. Det blir lagt inn ei byggegrense i byggeområda. Dette er det alternativet me tilrår i saka. Me held på avgrensing av byggeområda slik dei er i gjeldande plan. Buffersona blir lagt inn som eit grøntområde. Så blir det lagt inn ei lokalt tilpassa byggegrense i byggeområda som vist i saka.
• Område A: Byggeområda, men må vurderast opp mot kvaliteter i den funksjonelle strandsona.
• Område B: Området kan ikkje byggast på, men kan vere del av ei frådelt tomt innan område A.
• Område C: Same som B, men er ikkje del av funksjonell strandsone.
• Område D: Tomt innan byggeområde kan få disp. til å gå heilt ned til denne grensa.

I samband med forslag til kart vil det bli utarbeidd ei liste over innspel som ligg i strandsona. Administrasjonen vil gå gjennom innspela og gjere sine faglege vurderingar før kart og liste over innspel blir lagt fram for utvalet for politisk behandling.

Naust som fritidsbustad?

Når Os kommune no skal laga sine eigne byggegrenser mot sjø, kan dei redusera mengda dispensasjonssøknarar. Os har mange bygningar i 100-meterssona frå før, fleire krinsar ville vore sterkt redusert, kanskje meir enn halvert, om ikkje det skulle vore bygningar nærmare enn 100 meter frå sjø eller vatn.

– I dag er fleire naust innreidde heilt eller delvis som fritidsbustad, nokre er godkjende som dette, andre ikkje. Vil det nye kartet seia noko om kva område det er greit å bruka naust som hytte, og kor det kanskje ikkje er greit, at kartet kan bli som eit amnesti for enkelte?

– Det kartet vi utarbeidar no først, vil vise kor langt frå sjøen nye tiltak skal ligga. Denne grensa vil i så fall avløyse 100-metersgrensa.

– Men i bestillinga står det at alle hytter skal ligga minst 30 meter frå sjø, kan ikkje kartet i enkelte område setja denne grensa til null?

– Dette med formål er neste trinn, og opp til politikarane å behandla når den tid kjem. Nokre område kan det passa med fritidsbustad i naust, eller å bygga rorbuer til utleige som del av næringsverksemd, andre stadar ikkje.

Administrasjonen ønskjer å prøva ut denne måten å jobba på for å få på bordet eit godt grunnlag for vidare diskusjonar.

– Strandsonespørsmål har vist seg å skapa stort engasjement, og er ikkje alltid enkelt å bli einig om, eller å gjennomføra på ein måte som folk synest er rettvis. Friluftsliv og naturmangfald skal takast omsyn til, samtidig har vi mange meter å ta av og område som kan byggast på til ulike typar formål.

Statistikk for landet og fylket

I ein rapport Statistisk Sentralbyrå (SSB.no) publiserte i juli går det fram at «andel potensielt tilgjengelig» strandsoneareal i Noreg i snitt er 68,5 %.

Ifølgje tabell (sjå bildeserie over) er potensialet i Os til saman 49,7 prosent (35,0 + 14,7 i brattare terreng).

Totalt i Noreg var det i 2017:
Antal søknadar: 1.576
Innvilgde i samsvar med plan: 446
Innvilgde ved dispensasjon: 862

I Hordaland har mengda igangsetingsløyve til bygging i strandsona gått ned kvart år dei siste fem åra, frå 973 i 2013 til 597 i 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.