Skal knyta venskapsband i USA
Fire håpefulle 11-åringar drøymer for tida om nye vener over tårn med amerikanske pannekaker med sirup.
Fire 11-åringar er klare til å reisa til Ohio i USA på CISV-leir til sommaren.
– Vi forventar at det blir bra, seier dei fire håpefulle omlag i munnen på kvarandre. Jakob Horstad, Liam Storebø, Vårin Hanstvedt og Carmen Bruarøy er plukka ut til å få reisa. Ytterlegare fire ungdomar frå Os skal få reisa til Danmark.
– Vi kjem heilt sikkert til å få mange nye vener, frå mange land, og vi gler oss veldig!
– Og eg håpar vi får god mat - amerikanske pannekaker med sirup på!
– Eller saftige hamburgarar!
Fordomsfrie
Dei fire reiser 17. juni, og skulen rekk knapt å avslutte skuleåret før sommarens eventyr tek til. Fire veker utan mor og far, men med 23-årige Simen Waage som vaksen leiar og trygg hamn.
– Det kjennest trygt og godt å senda ungane med Simen, seier mor Elisabeth Djuvik Hanstvedt.
– Litt av poenget med desse leirane er at borna skal treffast medan dei framleis er etter måten fordomsfrie. Ideen er at dersom ungane leikar ilag og vert vener medan dei er born, så vil dei ikkje kriga mot kvarandre når dei vert vaksne.
Kulturberarar
Dei fire reiseklare ser ut til å vera godt samansveisa allereie.
– Borna har sitt tredje «offisielle» treff i dag, men dei går alt godt ilag og verkar trygge på kvarandre. I dag skal vi ta litt bilder til ei scarpbook om Os og Noreg som borna skal ha med seg. Denne skal presenterast under den nasjonale kvelden ungdomane frå Noreg skal stå for. Då blir det diverse smakeprøver herifrå - alt frå brunost og melkesjokolade til typisk norske leikar og slikt. Men planen for det norske programmet er ikkje heilt spikra enno, så vi vil ikkje røpe for mykje. Men mange idear har vi!
– Dei er leikne born, men likevel store nok til å vera kulturberarar! Dei har mykje å formidla.
Kulturar og internasjonalt miljø
Uansett kvar dei er på CISV-leir så er miljøet internasjonalt og språket engelsk, så det spelar i grunn ikkje så stor rolle om borna reiser utanlands eller er i Noreg.
– I fjor hadde vi CISV-leir på Os, noko som var kjekt for oss. CISV i Hordaland er ei av dei største avdelingane i verda, og Noreg er tredje største CISV-land.
– Vi ser at borna plutseleg er blitt meir opptekne av nyheitsbiletet og det som skjer i USA, til dømes no med presidentvalet. Og utanom nyheiter, så er det dagsaktuelle tema leirane vert bygt på. I år er temaet Berekraftig utvikling, noko som er med å bevisstgjere borna både no, og også truleg i framtida.
Empati og innleving
På leiren får deltakarane høve til å visa fram særtrekka frå sin nasjon, og læra meir om dei andre deltakarlanda.
– Men dei lærer også å setja seg sjølv til side. Fleire oppgåver gjev trening i toleranse og respekt for andre.
Utan at ein skal røpa for mykje av kva ungdomane får oppleva på leiren, så er det fleire aktivitetar dei alt har høyrt om.
– Vi skal mellom anna ha ein «fattig og rik-dag» der vi skal prøva å finna ut korleis det er å vera fattige og rike, fortel Liam.
– Då vil eg vera rik, seier Vårin.
– Eg vil vera fattig, kjem det frå Carmen.
Simen og Elisabeth kan avsløra at det også venter ein «handicap-dag», der borna skal prøva å leva med eit handicap ein dag.
– Kanskje dei mest snakkesalige får i oppgåve å vera stum ein heil dag, nokon som er aktive må kanskje leika at dei er avhengige av rullestol. Målet er at dei skal kunne leva seg inn i kvardagen til andre.
Treg rekruttering
Elisabeth fortel at dei i år sender to grupper med 11-åringar på utanlands CISV-leir.
– Noko av utfordringa er at det er stadig vanskelegare å få leiarar. Vi må ha ansvarlege vaksne som faktisk ynskjer å jobba utan løn ein sommar.
– Innan CISV-systemet er det også leirar for dei som er 13 og 14 år, men så stoggar rekrutteringa opp litt. Vi saknar litt folk i skiktet mellom 14 og 20 år. Eg ville tru at eit slikt engasjement ville vera positivt og attraktivt å ha på CV'en etterkvart, og ein samlar mykje god erfaring i tillegg til alle ein vert kjende med på tvers av landegrensene.
– Men USA-turen er i alle fall på spikra, sjølv om billettane enno ikkje er komne!
Utan knapp og skjerm
Foreldra fortel at det kan verta fore lange veker utan kontakt med podane.
– Eg har brukt litt tid på å venna meg til tanken, seier Elin Bruarøy.
– Dei får ikkje ha mobiltelefon eller noko slikt med seg for om dei har kontakt med oss heime kan heimlengselen bli stor. Men dei seier det ikkje går mange dagane før borna er blitt vane med å leika framfor å trykkja.
– Og det blir nok ei fantastisk oppleving for dei, og eit høgt aktivitetsnivå, så det er slett ikkje sikkert at dei får tid til å tenkja på oss her heime.
– Dei er såpass store at dei veit kva som rett og gale. Eg er der hovudsakleg viss dei treng meg. Det er viktig at dei får utforska det meste sjølv - innanfor trygge rammer, seier Simen, og med det byrjar dei på dagens agenda: Fotografering til scrapbook