Skal kjøra på 900.000 vinflasker
Når den nye rundkøyringa ved Amfi Os står ferdig til hausten er delar av den resultat av mang eit lystig lag. Fyllmassene er nemleg laga av glass!
Det å løyste dei trafikale problema ved Amfi Os har vore ei utfordring som har strekt seg over mange år, no er den endeleg i ferd med å løysast med etablering av rundkøyring.
– Vi er litt etter skjema grunna meir omfattande forankring av pælane vi har måtte slå ned på vestsida av vegen, men er reknar med vi er ferdig tidleg i haust, fortel byggeleiar Anne Fadnes Førestad.
Då Statens vegvesen lyste ut anbodet spesifiserte dei at det skulle nyttast lettklinker som fyllmasse for å sikra god drenering og frostsikring.
– Vi fekk forespørsel frå entreprenøren om det var greitt at dei i staden nytta skumglas, noko vi aksepterte.
Nyttar gamle glas
Skumglass er produsert av resirkulert glas, samla inn i heile landet og sendt til Fredrikstad for gjenvinning.
– Av dei 5000 tonna med glass som blir samla inn i Hordaland, blir omlag 60% av dei nytta i produksjonen av skumglas, fortel Tore Bye i Norsk glassgjenvinning.
Resten blir sendt til glasprodusentar i utlandet som nyttar dei i produksjon av nye glas.
– Vi har to fabrikkar i Noreg, ein i Fredrikstad og ein på Sjåk som lagar skumglaset.
– Produktet består av 80% luft og 20 % glas, noko som gjer at det er eit lett materiale med god isolasjonsevne og dermed spesielt godt egna til å nytta i fyllinger kor ein har leiregrunn eller skal fylla inntil ein mur, forklarar Bye.
Bakast som ei kake
Sjølve produksjonen foregår ved at det innsamla glaset blir knust opp til eit fint pulver, tilsett silisiumkarbid og køyrd gjennom ein omn.
– Då oppstår det ein kjemisk reaksjon som gjer at det hevar omlag som når du bakar ei sjokoladekake i langpanne.
– "Kaka" blir så hakka opp i mindre bitar og nytta i staden for ordinær stein der det er mest hensiktsmessig, supplerar regionssjef Rune Skarstad.
900.000 vinflasker
Rundkøyringa ved Amfi Os er eit av dei første prosjekta som Norsk glassgjenvinning leverar skumglas til på Vestlandet.
– Vi har levert til ein parkeringsplass ved bybanen tidlegare, men dette er det største samferdsleprosjektet på Vestlandet vi har vore involvert i til no.
– Her er det snakk omlag 2000 kubikk lett masse som skal nyttast.
– Det tilsvarar omlag 900.000 vinflaskar eller nær 2 millionar syltetøyglas.
– Vi tykkjer sjølvsagt det er kjekt at entreprenøren tenkte gjenvinning og resirkulering då dei skulle byrja jobben, smiler dei to som innrømmar at prisen er litt høgre enn tradisjonell sprengstein, men at det i nokre tilfeller likevel blir billigare då transport og handteringskostnadane kan bli lågare.