Politi | 18. sep. 2022
Skal ha prøvd å køyra på ein mann
Er mistenkt for ruskøyring og forsøk på kroppsskade.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 18. sep. 2022 22:13
Natt til søndag skal ein 34 år gamal mann ha prøvd å køyra på ein 21 år gamal mann med bil.
– Kva som var opptakten til hendinga er foreløpig uklart. Fornærma er i avhøyr og vi skal snakka med sikta seinare, seier vakthavende jurist i Vest politidistrikt Rune Malt til BA søndag kveld.
Sikta blei pågripen i 03.30-tida i natt, og er mistenkt for ruskøyring og forsøk på kroppsskade.
Dei to involverte skal ha ein familierelasjon, ifølgje BA.