Skal få skikk på inneklimaet
Kjøper større pumpe for varmedistribusjon og får uavhengig entreprenør til å kontrollera ventilasjonsanlegget på Os ungdomsskule.
I kommunestyret tysdag stilte Gisle Hesjedal (Ap) med bakgrunn i eit møte i samarbeidsutvalet ved Os ungdomsskule, kor elevrådsrepresentanten tok opp problemer ved innemiljøet ved skulen, spørsmål om kva vil ordføraren gjera for at kommunestyret skal vera trygg på at kommunen har fått levert det produktet som dei faktisk har betalt for, og at dei samtidig kan vera trygg på at både elevar og tilsette ved Os ungdomsskule har eit forsvarleg inneklima?.
Skiftar pumpe og leiger inn uavhengig ekspertise
I sitt svar fortalde ordførar Marie Bruarøy (H) at prosjektavdelinga hadde bestilt ei større pumpe for varmedistribusjon som tåler vintersituasjonen med stor belastning betre, og at ein ville henta inn ein uavhengig entreprenør til å ettergå installasjonane.
Her er heile svaret:
«Rehabiliteringa av Os Ungdomskule – som starta i 2012 og vart sluttført våren 2014 var basert på ei oppussing og oppgradering av innvendige deler av skulebygget. Strategien på tekniske anlegg var å behalde tekniske anlegg som ein vurderte som tilfredstillande reint funksjonsmessige.
Elektroanlegget vart fullstendig utskifta, nytt brannalarmanlegg er blitt installert og nytt El-sikra adgangssystem for dører er etablert.
Den gamle fyrkjelen er skifta ut med nye varmepumper luft-vatn system, men den gamle elektrokjelen er behalde. Dei gamle ventilasjonsanlegga ( frå 90-talet) vart vurdert til å vere i tilfredstillande kondisjon og er ikkje skifta ut, men fordelingsanlegget for luftdistribusjon (kanalanlegget) er skifta ut fullstendig og reetablert i samsvar med ny innreiingsplan.
Avvikande funksjonsyting av både luft- og varmestyring bør vere retta opp innan kortare tid enn det ein har oppnådd for Os Ungdomskule.
Følgjande tiltak vil bli iverksetting så snart det er praktisk mogleg:
A:Det er bestilt ei større pumpe på varmedistribusjon som tåler vintersituasjon med stor belastning og auka behov for varmetransport. Ein ventar at denne pumpa vil vere levert og deretter omgåande montert primo 2017 ( januar månad).
B.I tillegg til at ventilasjonsentreprenøren er kalla ut for å gjennomgå og etterkontrollere mogelege luftlekkasjar i kanalnettet, vil prosjektavdelinga engasjere ny uavhengig ventilasjonskyndig entreprenør for å sjekke at det ikkje er luftlekkasjar i kanalnettet og at alle spjeld har rett innstilling. Denne entreprenøren vil også utføre full ny innregulering av alle hovedrom (klasserom/grupperom etc) og dermed kontrollere at anlegget leverer prosjektert luftmengde i dei ulike deler av skulebygget. Slik innregulering var utført i 2014, men vi gjentar heile prosessen snarast på nyåret.»
Vil sikra godt innemiljø
I eit meir utfyllande svar frå administrasjonen kjem det fram at dersom det skulle bli avdekka at ventilasjonsanlegget ikkje leverer tilstrekkeleg luftmengde til alle klasserom, så vil ein vurdera å ettermontera separate klasseromsaggregat, på same vis som er gjort i andre skular dei seinaste åra.
Kommunen har ikkje tatt stilling til om dette er ein reklamasjonssak eller ei feildimensjonering under byggherren sitt eige ansvar. Målet er å få orden på innemiljøet, trivselen og læringstiløvet ved skulen, heiter det i det utdjupande svaret.