Lokal | 14. sep. 2017

Skal ein betala for parkering også her?

Nytt parkeringsregime i sentrum med to timar gratis før ein må betala progressiv takst, men bør det gjelda også på Kuventræ?

Skal ein betala for parkering også her?
Slik såg det ut på Kuventræ måndag. Fundamenta og muren til parkeringskjellaren er i ferd med å bli støpt, men skal ein betala for å parkere der? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 14. sep. 2017 09:23

Bildeserie:

parkeringssonene i sentrum (ill. Os kommune)
parkeringssonene i sentrum (ill. Os kommune)
Gateparkering på Øyro (ill. Os kommune)
Gateparkering på Øyro (ill. Os kommune)
1 av 2

I formannskapet onsdag skulle politikarane ta stilling til framlegg til nytt parkeringsregime på Osøyro. Adhoc-utvalet som før sommaren handsama framlegget og foreslo to og ni timars gratis parkering på angitte plassar (sjå kartet), før ein byrjar å betala ei takst som aukar jo lengre ein står.

– Kan det vera lurt å sjå andre områder enn sentrum i sammenheng med dette. Til dømes på Kuventræ, undra Jon Sivert Rykkel (V).

Har vurdert det

Eirik André Hesthamar (Frp) som også sit i styringsgruppa for idrettsparken på Kuventræ fortalde at det har vore drøfta.

– Styringsgruppa der oppe har diskutert det i samband med at vi no etablerer innandørs parkering. Det kan vera fornuftig i høve dei som driv næringsaktivitet slik som Actic og Osbadet gjer, men motargumentet er at det kan vera med å gjera det fordyrande å driva fritidsaktivitet om trenarane skal byrja betala for parkeringa. Vi så kor mykje støy det blei i Bergen då dei innførte betalt parkering ved idrettsanlegga sine. Men eg tenkjer det er naturleg at vi i allefall vurderer den type problemstillinger.

Kan opne for det i anbodet

Nils-Anders Nøttseter (MDG) som sit i adhoc-utvalet for parkering støtta Hesthamar.

– Utvalet har sett på Osøyro og berre så vidt spekulert litt kring andre områder. Det kan vera fornuftig med den nye situasjonen på Kuventræ kan ta del i det same anbudet. Vi er ikkje heilt ferdige i utvalet. Men det er ingenting i vegen for at administrasjonen kan involvera til dømes Osbadet for å drøfta dette vidare og eventuelt ta det med.

Blir framleis gratis

Systemet kommunen no ønskjer å innhenta anbod på er eit automatisk skiltavlesingsystem som "ser bilen" når den køyrer inn og ut av angitte områder og som bereknar kor lenge bilen har oppholdt seg på det aktuelle området.

– Det er viktig å presisera at det fortsatt blir gratis å parkera i sentrum, men for å få sirkulasjon på plassane med to timersparkering, så får vi no ei løysing kor ein må betala frå den tredje timen. Det blir eit saumlaust system, påpeika ordførar Marie Bruarøy (H).

– Eg tykkjer dette virker som ein utruleg god løysing. Det blir fortsatt gratis, men no slepp folk å sitta med angst for å få bot om møtet dei er på varer ein halvtime ekstra, kommenterte Rykkel før eit samrøysta formannskap gav administrasjonen fullmakt til å innhente anboda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.