Skal demonstrera jolle i Osbadet
Os Seilforening startar jolle-gruppe. Informasjonsmøtet blir med demo i basseng.
– Vi har nokre optimistjollar, og dei har lagt i ro altfor lenge, sa Ingjerd Næsheim Monclair på stand under Frivilligfestivalen på Oseana i september i fjor.
Os Seilforening hadde plan om å starta ungdomsgruppe til våren, og no nærmar det seg vår.
Første møte blir likevel under tak, men i vatn, førstkomande søndag kveld.
Introduksjonsmøtet er nemleg i Osbadet, der det først er informasjon i møterommet, så ei økt med båt i basseng før avsluttande informasjonsdel for foreldre i møterommet.
Det blir truleg svak vind i lokalet, men rom for instruksjon og demo av kullsegling.
– Vi har 9 påmeldte til no, men har plass til 4-5 til, fortel Ole Christian Lekven frå jollegruppa i Os Seilforening.
Optimistjollen, med den karakteristiske firkanta forma, blei konstruert av Clark Mills i 1947 og tatt i bruk i Norge på 1970-talet.
– Den blir brukt som opplærings- og konkurransejolle over heile verda. Barn som meistrar ein segljolle som Optimisten vil ha eit veldig godt grunnlag for å meistre dei fleste fritidsbåtar, både segl og motor, når dei blir eldre.
– Dei utviklar forståing og respekt for vind, bølger, sjøvett, handtering av båt ålene og i tett samspel med andre båtar.
Etter møtet på og i Osbadet søndag, følgjer rekrutteringsdagar i Kvernavika på Strøno i april, mai og juni.
– Sjølv om optmistjolle er ein einmannsbåt, er segling definitivt ein sosial sport med samspel på vatnet, samvære på land og mykje kunnskapsutveksling seglarane imellom, seier Lekven.
– Segling byr dessutan på både fysisk aktivitet, frisk luft, fine naturopplevingar og mykje meistringskjensle.
Det er vanleg å byrja med optmistjolle når du er 7 til 9 år. Øvre aldersgrense i konkurransar er 15 år.
– Os Seilfore ning disponerer fleire andre segljollar som passar eldre ungdomar, og vi vil også introdusera unge seglarar for desse - og etterkvart tur- og havsegling, seier Lekven.