Meining | 08. okt. 2024

Skal brenna bål i protest tysdag kveld

I kveld skal 600 bål tennast. Til no er eitt bål i Os meldt inn.

Skal brenna bål i protest tysdag kveld
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. okt. 2024 14:04

I kveld seier Norge nei til vindkraft, ifølgje ei pressemelding frå Motvind Norge.

Meir enn 600 bål, fordelt over heile landet, skal tennast i protest mot vindkraft i kveld.

Ifølgje Motvind sitt kart, med oversikt over kvar det skal tennast bål, blir det levande lys nær Storevarde på Liafjellet i 18-21-tida i kveld.

Eitt bål i Os er førehandsvarsla. Kart: Motvind Norge

– Vi gjer dette for å visa den store folkelege motstanden mot slik utbygging og naturtapet det fører med seg, seier John Fiskvik, leiar i Motvind Norge.

Å tenna varde for å varsla om fare er ein eldgamal tradisjon i Norge, og for Motvind Norge har 8. oktober blitt ein merkedag:

– Å samla heile landet på denne måten er både kraftfullt og sterkt. Enkelte stadar møtest mange hundre menneske, mens andre bål er mindre og av meir privat karakter.

Nytt av året er eit eige program på Motvind Norge sine kanalar, der Gaute Grøtta Grav er programleiar, som blir sendt direkte frå vardetenningar.

– Dette er ein tydeleg beskjed til styresmaktene. Nordmenn vil ikkje ha vindkraft, og det håper vi politikarane tar til etterretning snarast, avsluttar John Fiskvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.