Skadd i Endelausemarka
Ein person er frakta til legevakt etter at eit stillas kollapsa i Endelausemarka.
Klokka 10.41 meldte 110-sentralen om at brannvesenet rykte ut på eit arbeidsuhell på veganlegget i Endelausemarka. Også politi og ambulanse rykte ut på meldinga.
– Meld om arbeidsulykke der eit stillas skal ha rast sammen over ein person. Nødetatar er på veg, meldte politiet like etter.
Uhellet skal ha skjedd i nærleiken av ei ei bru. Mannen skal ha kome seg laus på eigenhand, men hatt store smerter.
– Han har klemskadar og store smerter, fortalde operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til ba.no.
Mannen blei tatt hand om av helsepersonell og frakta til legevakten for kontroll. Han skal truleg ikkje ha pådradd seg alvorlege skader.