Sjøsette «Steinar» i draumevêr
Vandra gjennom Os: Det blei ein strålande dag for både båtbyggarane og kjøparen av åttringen som i dag blei døypt og sjøsett.
Rundt 100 venar, familiemedlemmar og båtinteresserte møtte fram for å få med seg den staselege og spesielle sjøsettinga i Os hamn i dag.
Nordhordlandsbåten som Hallgeir Bjørnevik og Bjørn Ådne Kvalvik har bygd i Vognhallen, ein kyrkjebåt som har fått namnet «Steinar», er første åttring av denne typen som er bygd sidan 1860. Minst.
Oppkalla etter storebror
– Båten er oppkalla etter min eldste bror, som var ivrig brukar av den gamle nordhordlandsbåten vi hadde. Og nyebåten blei heilt fantastisk, akkurat som den gamle, som vi i mange år hadde mykje glede av, seier kjøpar Øyvind Hosøy.
Øyvind sitt eldste barnebarn, Tina (10), døypte båten på gamlemåten, ved å kasta tre ausefat med sjøvatn i ronga. Tina var ei kjempeflink gudmor og kom med gode ønskje for den fine båten si framtid.
Les òg:
Heftig rekonstruksjon
Video frå Vognhallen
Historisk stunt
Trilla gjennom rundkjøringa
Båten skulle berast frå Vognhallen til Oselvarnaustet, men fekk berre baugen utom Vognhallen før dei 16 som bar den gav opp.
Då fekk båten hjul og blei trilla gjennom rundkjøringa over brua i bilvegen og fram til rampen Oselvarnaustet har til sjøsetting.
På prøvetur
Først om bord på prøvetur var båtkjøpar med nærmaste familie, og dei fann fort takta med dei åtte årene.
Så var det båtbyggarane sin tur å prøva roeigenskapane før fire blad Bjørnevik, med blant anna den aktive roaren Amund Bjørnevik, testa «Steinar» i det strålande vêret i Os hamn i dag.
Midtsiden kjem over helga tilbake med video frå den flotte seansen, og med meir om bakgrunnen og båtkjøparen si meining om båtbyggarmiljøet i Os.