Lokal | 12. jan. 2017

Sjøen skal stiga i over ein time til!

Over stokk og stein: Sånn ser Os hamn ut, 1 time og 11 minutt før full flo i dag.

Sjøen skal stiga i over ein time til!
Sånn såg det ut i Os hamn klokka 09.10. Det er flo klokka 10.21. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. jan. 2017 09:30

Bildeserie:

Over kanten: 1 time og 20 minutt før full flo. (Foto: KVB)
Over kanten: 1 time og 20 minutt før full flo. (Foto: KVB)
Kor er brygga? (Foto: KVB)
Kor er brygga? (Foto: KVB)
Vinden kjem frå vest, så det er stille i Os hamn mens sjøen er på topp. (Foto: KVB)
Vinden kjem frå vest, så det er stille i Os hamn mens sjøen er på topp. (Foto: KVB)
Varsel for Os. (Ill.: Kartverket.)
Varsel for Os. (Ill.: Kartverket.)
1 av 4

Tysdag kom varselet om ekstremt høg vasstand torsdag 12. januar.

Prognosane fortel at vi vil få ein vasstand 199 cm over sjøkartnull og 67 cm over berekna tidevatn. I tabellen over vasstandnivå blir 199 cm omtalt som høgvatn med 100 års gjentakelsesintervall.

Ifølgje Kartverket er det flo klokka 10.21.

Bilda over er tatt frå klokka 9.00 til 9.10 i dag. Nedre del av Oselvo har allereie kome over kaien i Brugata og vil nok renna eit stykke inn mot sentrum, kanskje til trappa i Handlegården (opp mot Capri Restaurant).

Har du tips eller bilde? Kontakt oss på vakttelefon 9797 5200 eller tips@midtsiden.no!

Også den hesteskoforma gjestebrygga utanfor Oselvarverkstaden står også under vatn ein dryg time før sjøen er på topp.

Det bles rundt 10 m/s i Os i dag, men frå vest, så det er stille i Os hamn mens fjorden er på topp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.