Lokal | 04. sep. 2018

Sjekka beltebruk i 20 bussar

«Resultatet var så som så» fortel Statens vegvesen.

Sjekka beltebruk i 20 bussar
Vegvesenet kontrollerte passasjerane om bord i 20 bussar i Os i dag. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. sep. 2018 15:55

I går fortalde Statens vegvesen at dei køyrer bilbeltekampanje denne veka.

– Nærmare 150 kontrollørar frå Statens vegvesen vil sjekka korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet. Det er i bussar der det er eit påbod om å bruka belte vi kjem til å kontrollera, seier Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Region vest.

Ho fortel at det har kome fram i spørjeundersøkingar at 9 at 10 veit om påbodet, men likevel går beltebruken i buss ned.

– Diverre ser vi at bruken har gått ned til 81 prosent i fjor vår til 74 prosent. Dette er ikkje godt nok når vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ein ulukke og passasjerane sit usikra.

17 tatt i kontroll i Os

Tysdag har det vore kontroll på E39 i Hjellemarka.

– Vi kontrollerte i alt 20 bussar. Dei fleste av desse var lokale rutebusser. I tillegg stoppa vi to utanlandske turbussar, og eit par kystbussar.

Beltebruken var så som så.

– Vi skreiv ut 17 gebyr for manglande bruk av belte. Dette er ganske mange gebyr. Særlig unge personar (men over 15 år) blei observert utan belte. Desse tilfella var heilt klare.

– I tillegg hadde vi sju tilfelle der passasjeren av ulike årsaker slapp gebyr. Eit par av desse tilfella var at belta rett og slett var for små for vedkomande.

Det blei òg kontrollert seks lette køyretøy.

Ved sidan av beltegebyr blei det skrive ut eitt vognkortgebyr, éin mangellapp og gjennomført éi avskilting.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.