Sjekk sveisen!
«Funny Hair Day» på Os barneskule
Dei siste åra har fleire barneskular i Os hatt eigne dagar med morosame og kreative frisyrar.
I dag er det «Funny Hair Day» på Os barneskule.
Å våga å skilja seg ut
– Verdsdagen for psykisk helse, 10. oktober, er i år i haustferien til skulane i Os.
– Derfor bruker vi veka før ferien til å jobba med dette temaet, fortel rektor ved Os barneskule, Laila Aarbakke.
Før skulestart i dag stod Aarbakke ved skuleporten og helste alle elevar og tilsette velkomen.
Sjølv stilte ho med det som lett kan seiast å vera ein vill hårfrisyre.
– Det å vera annleis er eitt av temaene, og ved å stilla med ny stil slår vi at slag for det å våga å skilja seg ut. Det er viktig å visa raushet og overfor oss sjølve og for kvarandre.
Gje tid
Tema for verdsdagen for psykisk helse er «Gje tid». Årets kampanje har som mål å oppfordra alle til å bruka tida på å gjera ting som er godt for den psykiske helsa.
Aarbakke fortel at heile veka har skulen jobba med å tenkja over kva som er viktig for å ha det bra, og kva du kan gjera for å bidra til at andre skal ha det bra.
– Dette er eit flott og viktig tema, og saman med elevane har vi hatt ei innhaldsrik og ikkje minst viktig veke.