Lokal | 15. nov. 2013

Sjekk sluk og avløp

Vatnet skaper problemer. Øvredalsvatnet renn over og ut i vegen. Store dammar på Hjelle. Brannvesenet pumpar vatn på Bjørnefjorden Gjestetun.

Sjekk sluk og avløp
Brannsjef Stein Gjøsund oppmodar alle til å sjekke sluk og naturlege vannvegar så dei ikkje tettar seg (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. nov. 2013 17:53

Det kraftige regnet fredag ettermiddag skaper problem fleire stadar.

– Eg vil oppmoda alle å sjekka sluk og sørgja for at dei er opne og fri for løv og anna rask.

– Vatnet dreg med seg mykje som tettar dei. Dette gjeld òg dei naturlege vannvegane kor vatnet til vanleg renn, åtvarar brannsjef Stein Gjøsund.

Over sin bredd

Brannvesenet har fått melding om at Øvredalsvatnet har gått over si bredd.

– Vegen skal vera uframkommeleg der inne.

– Teknisk vakt er på veg inn der no for å sjå på tilhøva, fortel brannsjefen.

Køyr forsiktig

Gjøsund fortel at brannvesenet er på Bjørnefjorden Gjestetun med pumper for å halde vatnet ute.

– Også ved den nye barnehage på Hjelle har det skapt seg store dammar, fortel Gjøsund før han kjem med ei oppmoding til alle som har tenkt seg ut på vegen i kveld.

– Køyr forsiktig. Det er mykje overvatn, plutseleg kan du få vannplaning og skli av vegen, åtvarar brannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.