Sjekk namnet!
– Eg trudde eg skulle få avslag, seier mannen som har tatt mellomnamnet «Osablod». Sjekk kven det er!
Til deg som har følgt godt med, ja, det er Kjetil Grønvigh, same mann som i fjor fekk seg ein Osablod-tatovering, som har tatt det patriotiske mellomnamnet.
Les òg:
Stempla som osing
Grønvigh ikkje først
Han blei overraska då dottera kom inn døra med posten og ein stor konvolutt adressert til Kjetil Osablod Grønvigh gliste mot han.
– Eg trudde ikkje det ville gå gjennom og var førebudd på både å visa tatoveringa mi og på å argumentera hardt for å få namnet.
– Men eg leverte skjemaet inn til ei humrande dame på likningskontoret på torsdag og i dag kom det positive svaret, seier Kjetil.
Stolt - men ikkje dritseriøs
Bruken av Osablod som mellomnamn starta for Kjetil på facebook.
– Det tok litt tid å få det godkjent. Først prøvde eg med Mr K, som eg blei kalla då eg budde i London, men det gjekk ikkje gjennom. Osablod gjekk fint på facebook, så då tenkte eg at eg kunne testa systemet også når det gjeld namneskifte.
– Eg er stolt av å vera osing og synes livet er for kort til å vera dritseriøs heile tida, legg han til.
Første opprop
Osablod Grønvigh, som no jobbar på kulturkontoret i kommunen, gler seg til å koma på kontoret og be dei retta på telefonlista for dei tilsette.
– Og så gler eg meg veldig til første gong namnet mitt blir ropt opp.
Som med tatoveringa er han open for at andre kan koma etter.
– Vi er jo ein stor familie her i Os, så kvifor ikkje.
Kalte seg opp etter ein bil
Kjetil er ikkje den første osingen som har skaffa seg eit fantasifullt mellomnamn. Hans Erik Lygre og nokre kameratar snakka om å kalla seg opp etter TV-heltar før han enda opp med å ta sportsbil-namnet Cosworth som mellomnamn.
– Vi var ein gjeng som budde saman som snakka om å skifta namn, i alle fall for ein periode. Eg hugsar eg skulle ta namnet til 24-helten Jack Bauer, ler han.
Så blei det eit veddemål og Hans Erik sendte for 4-5 år sidan inn skjema med søknad om å få same namn som bilmodellen han har, og som han har stor interesse for.
– Det gjekk heilt fint. Det var heller ikkje noko omfattande jobb å endra namn på bankkort og førarkort.
– Korleis har reaksjonane vore?
– Ikkje noko spesielt, bortsett frå at eg i jobben min offshore treff mange folk, og veldig mange av desse no har lett for å hugsa meg og namnet mitt. Sånn sett har det berre vore ein fordel, ler Lygre.
Han legg til at han har ein kamerat som tok kallenamnet sitt som mellomnamn. Med namnet Morten Thomassen blei han kalla Thoms, noko han så tok som mellomnamn.
Eksterne lenkjer om namneendring:
Her heter alle Wayne Rooney (NRK)
Skjema for namneendring (regjeringen.no)