Sjanserikt og målfattig mot far og son Riise
Os løfta seg etter pause og auka presset. Så fekk Stabæk 2 keeper utvist.
Os - Stabæk 2: 0-0
Tropp og kampfakta på fotball.no
Os ville ha klatra til 3. plass, heilt i ryggen på Lyn, med siger i dag. Men heimekampen mot Stabæk 2 i femte serierunde blei jamn og tøff.
Stabæk 2 blir trent av tidlegare Portsmouth- og Aalesund-spelar Bjørn Helge Riise. Sonen Noah spelte frå start. Dei hadde berre 3 poeng på dei 4 første kampane, men pressa mesteparten av første omgang.
Os hadde sine sjansar og cornerar, men såg ut til å legga seg lågare enn kva som var komfortabelt, og Kasper Færøvik fekk ein del å strekka seg etter.
I andre omgang løfta Os seg, men det var i denne omgangen Færøvik hadde den heftigaste redninga, og blei utropt som dagens Os-spelar.
– Det var litt å gjera på i første omgang, men eg følte at vi hadde grei kontroll bak, seier ein avslappa Kasper etter kamp.
Os-trenar Endre Brenne hadde ikkje like mykje is i magen i første omgang.
– Vi blei for passive og gjorde for mykje feil då vi fekk ball, så vi hamna tilbake i blokka. Dette kom seg i andre omgang, og i sum er det greit med uavgjort i dag, synest han.
Os hadde ein serie av gode angrep i dei siste ti minutta av kampen, og i 90. minutt fekk Stabæk 2 keeperen utvist etter å ha takla Os sin toppskårar, Roger Ekeland.
Reservekeeper redda med armar og bein det Os hadde å by på før dommar bles av kampen.
– Gutane responerte bra på pausepraten, og gjekk ut med meir energi i andre omgang. Det er eg nøgd med. Vi har hatt nokre sånne kampar no, med berre éin omgang vi er nøgde med. Eg håper vi får 90 gode minutt i neste runde.
Os speler neste kamp allereie førstkomande laurdag, også den på heimebane. Då tar dei imot Ready frå midten av tabellen.
Sjå tabell og terminliste på fotball.no