Sport | 06. mars 2016

Sjanselause mot Sotra

Os tapte med 9 mål for Sotra søndag.

Sjanselause mot Sotra
Mona Stigen Heggeland var sikker frå 7-meteren og satte inn 100% (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 06. mars 2016 19:39

Kampen mot Sotra var ikkje ein kamp Os rekna med å vinna, men ein kamp dei likevel trudde dei skulle ha ein fair sjanse i.

– Vi visste kva Sotra ville koma med, og hadde lagt ein speleplan ut frå det, fortel Os-trenar Trond Førde Eriksen, som for nokre år sidan trente nettopp Sotra.

Opninga av kampen blei prega av at gjestene satte opp eit høgt tempo i angrepa sine, noko Os sleit med å henge på med. Etter tolv og eit halvt minutt såg difor Førde Eriksen seg nøydd til å ta timeout for å ta ein prat med handballdamene. Stillinga var då 2-7.

Etter timeouten kom Os betre med i kampen, men klarte ikkje å henta inn leiinga gjestane hadde fått. Til pause sto det 8-14.

Best i undertal

I andre omgangen er det Os som tek styringa frå start og set opp eit høgare tempo, noko som gjer at dei nærmar seg gjestane. Då Førde Eriksen snakkar på seg ei 2 minutt utvisning etter at Madeleine Hjertnes blei utvist for ei takling i forsvar blei dei omlag 50 på tribuna uroa, men kanskje skulle Os ha spelt i undertal i hele kampen.

Med to mindre på banen spelte nemleg Os dei beste minutta i kampen anført av Hilde Kristine Røttingen. Veteranen gjekk foran og skåra det einaste målet i perioden. Etter den gode perioda stopper det opp att for Os og gjestane tek igjen over meir av spelet.

På slutten av kampen satsar Os alt framover, men det vil seg ikkje og Os taper 18-27.

– Vi gjer det bra bakover i dag, men framover er vi for dårlege. Det har vore problemet vårt heile sesongen, oppsummerar Ostrenaren.

Os ligg no på 8. plass, plassen som gjer at dei må ut i kvalifisering mot vinnaren av 3. divisjon for å komma til den nye nasjonale 2. divisjonen, men laga foran på tabellen har same poengsum med tre kampar igjen.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.