– Sjå til båten
Vinden har dreia. Fleire av båtene framfor Oseana ligg utsett til med fortøyingar som byrja å slite.
Brannvesenet måtte fredag førmiddag rykke ut for å freiste å sikre ein båt som ligg i anlegget framfor Oseana. Det blei ein blaut oppleving med flytebryggjer som huskar godt på seg.
– Fleire av båtene som ligg der byrja å slite.
– Det er fleire av dei som har fester i bauen som byrjar å ryke.
– Båteigarane bør så absolutt ta seg ein tur for å sjekka om deira båt er godt nok sikra, seier brannvakta.
Det skal halda fram med stiv kuling frå søraust utover fredagen fram til i 20-tida. Då vil vinden løya litt og bli liten kuling i nokre timar før den tek seg opp att. Først utpå dagen laurdag vil vinden roa seg ned i frisk bris.