Lokal | 07. mars 2016

Sjå nordlyset dansa

Eit vakkert skue openbarte seg på nordhimmelen over Os og Lysefjorden søndag kveld.

Sjå nordlyset dansa
Nordlyset dansa over Lysefjorden søndag kveld (lesarfoto: Mattias Wold)
Andris Hamremåndag 07. mars 2016 07:22

Bildeserie:

Nordlyset sett frå Lyssand. (Foto: Erik Ask)

Nordlys over Fanafjellet. (Foto: Terje Sandø)
Nordlys over Fanafjellet. (Foto: Terje Sandø)
1 av 5

Søndag kveld blinka nordlys-varsla kraftig på dei ulike appane som varslar at det er nordlys på veg. Og eit vakkert kraftig skue blei det. Frå litt etter klokka 22 openbar det seg eit grønnleg fargespel på himmelen.

Nordlyset søndag var noko av det kraftigaste som har vore i så langt sør og kunne sjåast heil nede i Nord-Tyskland og England.

I videoen over kan du sjå korleis det såg ut i Lysefjorden filma av Mattias Wold.

I bildeserien ser du nordlys fanga av Erik Ask frå Lyssand og Terje Sandø over Fanafjellet.

NordlysAurora polaris (norsk: polarlys) er eit fysisk fenomen som forekjem når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slynger elektrisk lada partiklar mot jorda.

Partiklane er elektroner og protoner som dannar lys når dei kolliderar med gassane i jorda si atmosfære.

Polarlys viser seg som eit bølgande lys som varierar både i form, farge og styrke, frå mørkeblå innom grøn og gul, til raud og oransje.

Den første realistiske beskrivelsen av nordlyset var i den berømte norske krøniken Kongespeilet frå omlag år 1230.

I 1859 blei det satt ein spesiell verdsrekord då nordlyset var synleg så langt sør som i Egypt.

Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.