Lokal | 22. juli 2020

Sjå alt bosset Alexandra og Pernille fann på sauane sitt beite

– Ikkje alle lamma veit kva dei kan eta og ikkje.

Sjå alt bosset Alexandra og Pernille fann på sauane sitt beite
Skuffa og litt sint, men Alexandra (t.v.) og Pernille er stort sett smilande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2020 11:12

Når Pernille Lunde Bruarøy har besøk av venninna Alexandra Hufthammer, er dei ofte nede hos Pernille sine villsauar. I helga oppdaga jentene store mengder med boss på beitet.

– Me fann for eksempel glasskor, bruskorkar, maisboksar og mykje plast. For det første kan sauane trø på dette, og skada seg, for det andre er det ikkje alle lamma som veit kva dei kan eta og ikkje, spesielt ikkje koppalammet, seier Pernille.

Noko av det jentene fann på beitet. (Foto: Pernille Lunde Bruarøy)
Noko av det jentene fann på beitet. (Foto: Pernille Lunde Bruarøy)

Kopplam er lam som, av ei eller anna årsak, ikkje får mjølk av mora, og må få mjølk frå flaske dei første vekene.

– Då lærer dei ikkje av mora på same måte som dei andre. Nokre av dei et på alt mogleg, og kan for eksempel prøva å tygga stein eller boss før dei spyttar det ut igjen, forklarer Pernille.

Ho har sjølv hatt kopplam i år, og dei har hatt andre sine kopplam på beite.

Trur to typar syndarar må skjerpa seg

Familien Lunde Bruarøy plukkar boss på beitet med jamne mellomrom. Men mengda og typen boss var ekstra stor no.

– Eg trur noko av bosset kjem frå folk som har handla på butikken. Me finn mykje ispapir! Og så er det kanskje nokon som kastar ting ut vindauget når dei køyrer forbi i bil.

Kopplammet Bruno Mars (midten) er ein som jentene passar ekstra godt på. (Foto: KVB)
Kopplammet Bruno Mars (midten) er ein som jentene passar ekstra godt på. (Foto: KVB)

– Men maisboksar og glasskor kjem sikkert frå posane som hyttefolk og andre set på utsida av konteinaren, om den er full eller dei ikkje har nøkkel, seier jentene.

At enkelte set frå seg bossposar på utsida av konteinarar har vore eit problem fleire stadar i bygda. Måsar og andre dyr kan gå laus på posane, og då blir bosset spreidd utover plassen, og kanskje flytta vidare av vinden.

– Her er det ekstra alvorleg, fordi bosset kan hamna på eit beite og skada dyr. Då me såg alt bosset, passa vi ekstra godt på kopplammet. Etter at me hadde rydda, så flytta me gjerdet på beitet lengre vekk frå konteinaren.

– Men folk bør skjerpa seg! synest Alexandra og Pernille.

– Folk bør skjerpa seg, meiner Alexandra og Pernille etter å ha funne dette på beitet. (Foto: KVB)
– Folk bør skjerpa seg, meiner Alexandra og Pernille etter å ha funne dette på beitet. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.