Kultur | 18. juni 2016

Sivert Høyem til Oseana

No her hausten på Oseana klar. – Vi freister alltid å ha ein storkonsert i sesongen. I haust blir det med Sivert Høyem, fortel Berit Steen.

Sivert Høyem til Oseana
Berit Steen gler seg over å kunne presentera Sivert Høyem med band på Oseana i haust (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 18. juni 2016 09:17

Delar av programmet i haust er allereie kjend, mellom anna humorprogrammet kor det blir både Bjarte Hjelmeland, Roar Brekke, Doddo og Raske menn http://www.midtsiden.no/raske-menn-til-oseana.

I dag laurdag klokka ni opna billettsalet på resten av arrangementa i kulturhuset i haust. Øvst på programmet står storkonserten med Sivert Høyem.

– Vi freister å ha ein storkonsert på flatt gulv med 1000 tilskodarar kvar sesong. I vår var det Aurora, i haust er vi glade for å ta i mot Sivert Høyem med band, seier arrangementssjef Berit Steen.

Bredde, høgde, djubde

Arrangementssjefen er nøgd med det programmet ho no presenterar for hausten.

– Etter fem år har vi lært oss litt om kva osingane liker og kva som fungerar. Det skal vera bredde, høgde og djubde i det slik at det blir eit program som fevnar alle. Det føler eg vi ha lukkast med for hausten.

Trekkspelshow

Dei faste innslaga med lesestund, senioruniversitet og jazzkafé er sjølvsagt med vidare, men også ei nyvinning er på gang.

– Vi har opplevd at det er eit trekkspelinteressert publikum gjennom Lindesnes Trekkspillklubb sine opptredner. Difor inviterer vi i haust til trekkspillshow med allsang Sigmund Dehli og Gunnar GP Pedersen. GP er kjend for ei rekkje TV- og radioprogram om gamaldans. Begge har ei høg stjerne i trekkspelmiljøet og no lager vi eit show med laus jakke kor publikum blir invitert med på allsang, dans og det som skjer. Rett og slett eit feel good-show, smiler Steen.

Knausgård og Ullmann

Riksteateret kjem i haust med tre framsyningar til Oseana.

– Fortrolige samtaler er det Liv Ullmann som står bak. Framsyninga er ein teaterversjon av Ingmar Bergmann sitt stykke Enskilda samtal.

– I oktober er det klart for Min Kamp som baserer seg på Karl Ove Knausgård sine verk av same namn. Det blei først dramatisert i Sverige og blei ein kjempesuksess, no tek Riksteateret til Noreg. I samband med den framsyninga har vi lyst til å gjera noko ekstra rundt det og ser om vi får til eit samarbeid med biblioteket, fortel Steen.

Fargespel, Absence og vennebyen

Riksteateret stiller ikkje i haust med eiga barneframsyning, men det har Steen tatt hand om.

– Vi set opp PØH! saman med Krabatane. Det er ei lita humørperle som krydrar eit kvart høve for både store og små.

– Når vi først er inne på programmet for barn og unge, så kjem Riksteateret med ei fantastisk danseframsyning med Absence Crew - NORR, då gudane dansa. Vi får vennebyen med Jumpis bursdag. Den rekner eg med det er ein god del som kjenner frå TV. Sist, men ikkje minst er det ei glede å kunne ønskjer Fargespill-universet tilbake. Denne gong saman med Real Ones.

Plass til dei lokale

Steen er tydeleg på at det ikkje berre er dei store eksterne artistane ho gler seg til, men like mykje dei lokale bidraga.

– Kulturskulen og skulekorpset er sjølvsagt med vidare. Det blir òg kjekt å oppleve Os vocalis som skal ha sin første konsert hos oss. I tillegg tykkjer eg det er ekstra stas at Os kammerkor vil feira 40 årsjubileet sitt hos oss, smiler Steen.

Friluftsliv på scenen

Eit anna innslag med lokalt tilsnitt er Villmarksbarna, kjend får NRK, kor mor Inger Wallem Anundsen er frå Os.

– Det blir eit samarbeid med Os Turlag og blir ein ny og annerleis dag for oss her på Oseana. Du skal ikkje sjå vekk frå at det blir både bålpanne og lavvo her ute, avslutter Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.