Siste vigsle i Os kommune
Marius F. Tellnes og Christin A. Townsend svarte «ja» på nyttårsaftan.
Tysdag 31. desember blei Christin Alexandra Townsend og Marius Fossdal Tellnes vigde i formannskapssalen i rådhuset.
Dei blei siste vigde par før kommunesamanslåinga i dag.
– Det var ein fin seremoni med eit flott brudepar! synest Laila Reiertsen (Frp).
Den tidlegare varaordføraren fekk vera den siste vigslaren i Os kommune.
– Eg har vore vigslar rundt 20 gongar i løpet av desse to åra. Det blei spesielt mange i perioden eg var varaordførar. Det har vore ei fin oppleving å ta del i denne dagen for så mange par.
Ekteparet heldt bryllaupsfesten i selskapslokalet Kløvertun i Os sentrum.
• Les òg: Tanja Rajic Riise og Fredrik C. Birkenfeldt første vigde par i Os Rådhus (januar 2018)
17 vigslarar i Bjørnafjorden kommune
Etter kommunesamanslåinga kan du framleis inngå ekteskap i rådhuset, og med fleire av dei same vigslarane.
Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) er automatisk «kvalifiserte».
I tillegg vedtok kommunestyret i november desse 15 vigslarane:
Asle Olsen (SV)
Atle Kvåle (Ap)
Eirik Andre Hesthamar (Frp)
Gustav Bahus (Frp)
Herborg Irene Borgen Nordtveit (Sp)
Laila Reiertsen (Frp)
Linda Kjosaas (Ap)
Line Furubotn Storum (Ap)
Marianne Hjelle (Frp)
Marie E. L. Bruarøy (H)
Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Terje Sperrevik (Sp)
Terje Søviknes (Frp)
Tina Bøe Buer (MDG)
Torgeir Hansen Skjælaaen (MDG)