Lokal | 18. mai 2014

Siste strandsone-flekken tar form

To år etter at Os kommune og Os Sjøfront kjøpte tomta ved Oseana har det dukka opp eit nytt, flott friområde.

Siste strandsone-flekken tar form
Os kommune kjøpte tomta av Bjørn Moberg i 2012. To år seinare byrjar det å sjå flott ut også mellom Os Sjøfront og Oseana. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 18. mai 2014 22:26

Bildeserie:

Stykket mellom Os Sjøfront og Oseana byrjar å ta seg bra ut. (Foto: KVB)
Stykket mellom Os Sjøfront og Oseana byrjar å ta seg bra ut. (Foto: KVB)
Den minste stranda i Os? (Foto: KVB)
Den minste stranda i Os? (Foto: KVB)
Stein på stein. (Foto: KVB)
Stein på stein. (Foto: KVB)
Fem kraftige pullere er under montering før Statsraaden kjem. (Foto: KVB)
Fem kraftige pullere er under montering før Statsraaden kjem. (Foto: KVB)
Sånn såg området ut for tre veker sidan. (Foto: KVB)
Sånn såg området ut for tre veker sidan. (Foto: KVB)
Sånn såg det ut før arbeidet starta. (Foto: KVB)
Sånn såg det ut før arbeidet starta. (Foto: KVB)
Sånn ser det ut i dag. (Foto: KVB)
Sånn ser det ut i dag. (Foto: KVB)
1 av 7

Bjørn Moberg, som var ein av grunneigarane som selte til Os kommune og Os Sjøfront i 2009, selte i 2012 ei siste tomt til dei to utbyggarane.

Les òg: Kommunen kjøper trekanten til Bjørn

Det blei tidlega bestemt at dette skulle haldast av til friområde, og i vinter byrja arbeidet med utforminga.

No, etter nokre veker med graving og muring på den cirka eit halvt mål store tomta, byrjar også denne delen av strandsonen mellom Os sentrum og Mobergsvika å sjå bra ut.

Fine natursteinsmurar med to store bed og to trapper, éi opp til parkeringsplassen og éi ned til svaberget, er på plass.

Eit lite lass med sand er også tømt ut på det som kanskje er Os' minste strand.

Rett utanfor ligg gjestebrygga, den inste flytebrygga i marinaen, som blei lagt ut i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.