Siste innspurt i elva
Søndag er siste dag med fiske i Oselvo denne sesongen. Førre helg blei det tatt fleire laks, desse siste dagane er det framleis enkelte fiskekort ledig.
Det har vore tatt ein del stor laks i Oselvo i år, ikkje minst Eivind Aasen sin rugg på 17,9 kilo.
No er det siste innspurt i elva, søndag 15. september klokka 21.00 er årets fiske over.
– Sone 2 og 5 er fullbooka, men det er ein del kort ledige i andre sonar, seier Hallgeir Fosså hos MX Sport Os, som sel fiskekort for Os jakt- og fiskelag.
Det blir selt kort på formiddag og ettermiddag, klokka 6 til 14 og frå klokka 14 til 21.
I sone 0 er det ledig både laurdag og søndag, i sone 1 er det ledig laurdag tidleg og seint og søndag ettermiddag.
– I sone 3 er det også ein del ledig, men i sone 4 er det berre ledig formiddag laurdag og søndag, fortel Hallgeir.
Ifølgje Ole Vidar Søviknes på prohd.no blei det tatt ein del fisk førre helg, søndag tok blant anna Leif Juvik ein laks på 7,6 kilo, Tore Moberg ein på 7,3 kilo og Stig Gram Knudsen ein på 5,0 kilo.
Midtsiden samleside: Jakt og fiske