Siste fest på Sanden
Dugnadsgjengen på Søfteland er i rute med det som blir siste Rock N LOL på Sanden på Søfteland. – Eg kjem til å sakna å ha ungdomen her, seier bonden Olav Valle.
Det starta i 2007, då brørne Andreas og William Lindborg ville laga rockefestival, men aldersgrensa for å leiga ungdomshuset var 25 år.
Festivalsjef Andeas Lindborg fylte 25 først i år. Strebror og bookingsjef William er rett nok tre år eldre, men dei to hadde ingen plan om å venta.
– Ein eller annan plass måtte dei jo ha festen, seier mamma Gudrun "Duddun" Elisabeth Sandven Lindborg.
Så kom bonden
Gutane fekk halda rockefestival heime i hagen. Mange møtte opp og hjelpte til, og Duddun sto vakt ved inngangen til hagen.
– Eg var skeptisk då eg såg bonden Olav Valle koma gåande. "No blir det bråk" tenkte eg, han såg litt morsk ut. Men så såg eg antrekket, seier Duddun og ler.
Valle er glad i musikk, spesielt psycadelic rock frå 70-talet. Og hadde kledd seg litt der etter.
– Olav ville på fest, det var tydeleg å sjå. "Faen og, det er ingen andre på min alder som vil vera med å festival", sa han. Eg blei letta og byrja å le.
Opna garden for festival
Duddun, som lenge dreiv Joker-butikken på Søfteland, heldt fram samtalar om musikk og festival med Olav.
Så kom spørsmålet om å arrangera festivalen på garden.
– Eg ser jo at området er ideelt, både for festival og camping. Garden ligg for seg sjølv, med strandsone og brygge på vatnet, her kan du verkeleg finna roen. Eller festa utan å forstyrra andre, seier Olav.
– Kanskje eg skulle ha bygd kafé av heile låven, så kunne folk kome her på rekreasjon.
Olav lét tankane fara, men så må han på traktoren igjen, skal det bli festival til helga.
– Ligg veldig godt an
Midtsiden besøkte Sanden på tysdag - same dag som scenen kom.
– I fjor kom scenen om onsdagen. Vi ligg litt framfor med alt i år, seier Andreas.
– Eg håper at det blir sånn at vi har roen på fredag, og kan konsentrera oss om å få detaljar på plass. I staden for å springa som idiotar med mange lause trådar, sånn det ofte har blitt.
– Med billettsalet òg, minst 100 over i fjor, fortel William.
– Kva skal vi gjera neste sommar?
Som vanleg aular det med venar og litt familie av festivalbrørne - på ivrig dugnad for å få alt i orden til festivalen.
Graset må vekk så bakken får tørka, telt og servering skal opp og Drus Kæmp skal klargjerast for det som plar å vera 40-50 telt med festivaldeltakarar.
– Vi er ikkje trist for at det er den siste, vi unnar Andreas og William å ha sommarferie etter gamalt, seier nokre av dugnadsdeltakarane.
– Vi prøver heller å laga denne siste så god at nokon, om ikkje her, om ikkje neste år, men ein gong om ikkje så lenge, lager ein ny god rockefestival i Os, seier Even Hjertaas.
Fleire av venane og slektningane har desse 6-7 åra lagt inn nokre dugnadsveker i planane sine kvart år.
– Det har vore litt snakkis på jordet denne veka, kva skal vi finna på neste år.
Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL