Siste dag som statsråd
Fredag leverte han nøkkelen frå seg. – To år har gått rasande fort, synest Terje, som raskt fekk stadfesta at han tok rett avgjerd.
Fredag fekk Terje Søviknes saman med partikollega Ketil Solvik-Olsen «avskjed i nåde» frå regjeringa. Solvik-Olsen flyttar til USA med familien, Søviknes ville heim igjen til Os.
– Det var ei vanskeleg avgjerd å fatta, eg har stortivst desse nesten to åra, seier Terje Søviknes til Midtsiden på veg heim frå Flesland fredag kveld.
Etter pressekonferansen fredag formiddag var det rett på kontoret å levera nøkkelen til neste olje- og energiminister, Kjell-Børge Freiberg.
Ei rørande stund på Facetime
Svært få visste om at Søviknes ville trekka seg som statsråd. Sjølv hadde han sete i budsjettmøte nærmast samanhengande frå onsdag morgon då Dagens Næringsliv sørgja for at resten av rikspressen omtalte ein truleg komande avgang.
– Då eg såg dette måtte eg senda tekstmelding heim til ungane mine, Karina og Jonah, der eg stadfesta ryktet. Då skuletida var over fekk eg snakka med Karina på Facetime. Det blei ei rørande stund, reaksjonen hennar åleine viser at eg har tatt rett val.
Søviknes seier han har inntrykk av at ungane har synest det var stas å ha ein pappa som er statsråd, men at to helger i månadan, av og til mindre enn det òg, er lite tid å vera saman. Han har prøvd å planlegga meir tid heime, noko som og var avtalen med familien og ekskona då han i vinter takka ja til å halda fram som statsråd.
– Eg har prøvd, men eg fekk det ikkje til. Olje- og energidepartementet er eit av dei som jobbar mest internasjonalt, og det er mykje du ikkje kan seia nei til.
– Alle løfte om å koma heim har vore med atterhald, og det å signalisera at du kjem heim for å få med deg ei skuleavslutting eller ei oppvising der ungane deltar, og å ikkje klara det likevel, har vore vanskeleg i lengda.
Meldingar som varmar
Mens familien er glad har også fleire osingar og andre i Hordaland sendt hyggelege helsingar til Søviknes dei siste dagane.
– Det er meldingar som varmar. At eg òg har fått mange fine meldingar frå bransjane eg har jobba med, som seier dei synest det er trist at eg gir meg, set eg òg stor pris på.
– Dagen (fredag) har vore hektisk og vemodig. Det var trist å ta farvel med embetsverket, som har vore til dei gradar til stades og backa meg i alt. Vi har ytt kvarandre gjensidig stor respekt. Også det å ta avskjed frå resten av politisk leiing i regjeringa var tungt, synest Søviknes, på veg heim i ordførarstolen.
Marie Bruarøy og Terje Søviknes møttest i går, men dato for kor tid Os skiftar ordførar er ikkje heilt spikra.
– Søviknes må avstemma dette med departementet måndag, seier Bruarøy.