Siste dag på Lyssand-fabrikken
– Alle har stått i jobb til det siste vindauget blei frakta ut porten, seier Egil Lyssand.
– Vi har nokre veldig triste dagar her oppe, sa hovudtillitsvalt Dagfinn Mjånes til Midtsiden tidlegare denne veka, tydeleg prega av at det berre var timar igjen før den 67 år gamle produksjonen blei lagt ned til fordel for vidare Lyssand-produksjon i Sverige.
Heller ikkje til NRK torsdag ville Mjånes skjula kor skuffa han er.
– Det hadde kanskje vore enklare om dei måtte gjera dette, at tala var raude år etter år og alt måtte flyttast til lavkostland for å redda verksemda, seier Bjarte Lekven.
– Men sånn er det ikkje. Fabrikken går godt, men eigarane har fabrikkar i Sverige med ledig kapasitet, og vil fylla desse opp, fortviler han.
Saman med Egil Lyssand og vaktmeister Hogne Lyssand skal Lekven bli verande i fabrikken ut året, for å rydda ut av lokalet.
Alle andre hadde sin siste dag i går, torsdag 3. juli.
– Enorm arbeidsmoral
Nokre få har fått jobb ved Inwido-kontoret på Midtun, nokre andre byrjar på Frekhaug i redusert stilling nokre månadar før dei kan gå av med pensjon.
– Andre som har fått jobb utanfor Inwoido-systemet har fått gå, vi har faktisk leigd inn folk her mot slutten for å få unna alt, seier Egil Lyssand.
– Eg er imponert over arbeidsmoralen folk har vist etter at vi fekk veta om den planlagte flyttinga. Folk har stått på til siste minutt, legg han til.
Fleire har jobba over 30 år ved fabrikken. Ein av dei er seljar Ingolf Hjelle.
– Eg jobbar på Midtun no. Før sykla eg til jobb og kunne ta meg ein tur heimom før eg eventuelt skulle jobba overtid. Det er ikkje det same å pendla.
Gravøl i mai - grilling i går
Dei tilsette samla seg på eige initiativ på Bjørnefjorden Gjestetun ein kveld i slutten av mai.
Torsdag var det ein ordinær lunsj. I alle fall til ei lita overrasking kom og skrudde opp stemninga.
– Kona til Agnar Midtsæter hadde steikt 150 lappar. Agnar visste det ikkje sjølv ein gong. Det var veldig kjekt.
Så gjekk alle heim. 60 av dei for å koma tilbake til eit grillmåltid som leiinga stelte i stand frå klokka 16.
Les òg: Gradvis nedtrapping på Lyssand