Sint mann rett i sjøen
Sakna mann, bonde som jobba om natta og full og våt 40-åring var blant det politiet tok hand om natt til laurdag.
I 2-tida natt til laurdag fekk politiet melding om støy frå Tøsdal.
– Det viste seg å vera ein som tok inn høy før det byrja å regna. Bonden forklarte at han ikkje hadde tid tidlegare på kvelden, fortel politibetjent Anne Lyssand.
Fann kameraten – på facebook
I 4-tida fekk politiet melding frå nokon som sakna kameraten sin.
– Dei hadde tatt ferje heim til Os frå Tysnesfest, men då dei gjekk av ferja fann dei ikkje kameraten igjen.
40 minutt seinare gav han livsteikn frå seg – på facebook.
Full på essoen – fullare på Våge
Klokka 03.50 fekk politiet melding om full mann utanfor Esso-stasjonen på Os.
– Han var i god nok form til å ta vare på seg sjølv og blei sendt i marsj retning heim.
Om lag samstundes ramla ein 40 år gamal mann i sjøen på Våge.
– Han skal ha vore full og aggressiv og blei frakta til Halhjem av Kystvakten.
– Vi henta han på Halhjem og kjørte han til overnatting i arresten i Bergen, der han truleg fekk låna seg ein tørr pyjamas, seier Anne Lyssand.