Sikra to poeng mot Bjørnar
– Huff, den sat langt inne, seier Ostrenar Trond Førde Eriksen om 22-21 sigeren over Bjørnar laurdag ettermiddag.
Handballdamene til Os spelte årets første seriekamp borte mot Bjørnar laurdag ettermiddag. Det blei ein jamnare kamp enn det trenaren såg for seg på førehand.
– Bjørnar er eit lag vi skal slå, men i dag blei det tøffare enn eg ønska meg.
Sjablong av tidlegare kampar
Os kom bra i gang og tok leiinga 4-1.
– Då følte eg at dette skulle bli grei skuring, men i staden blei det som ein sjablong av tidlegare kamper.
– Vi står knallbra bakover på banen, men har knapt 50% uttelling på kontringar og gjennombrot i angrep, forklarar Førde Eriksen.
Likevel held Osdamene seg i førarsetet og leiar 13-8 til pause.
Skyt etter 5 sekund
I pausen snakka Førde Eriksen og jentene om å spele kvarandre gode og å vera tolmodige.
– I staden skjer det stikk motsatte. Jentene går på skot etter berre 5 sekund og vi får ein marerittstart på omgangen. Bjørnar vinn starten på omgangen 8-0, fortel Ostrenaren.
I eit forsøk på å få til ei endring tek Førde Eriksen timeout og prøvar nye spelarar.
– Eg får ikkje heilt den responsen eg ønskjer meg. Det er glimtvis bra, men eg tykkjer det er for mange som melder seg litt ut når dei får sjansen. Men slik er det gjerne når ein ikkje lykkast heilt med det ein prøver på.
– Jentene får det til på trening, men det gjenstår framleis å få det heilt og fullt ut i kamp. Framover på banen i dag er det eigentleg berre Madde (Madeleine Hjertnes, journ.mrk) og Hilde (Røttingen, journ.mrk) som gjer det. Vilde Brattabø gjer jobben på straffer og putter dei som ho skal, så det er òg bra. I tillegg står Tonje Hjertnes veldig bra i forsvar.
– Det er sterkt å vinna til slutt. Slike kamper er god læring og vi blir betre av det, men eg hadde ønskt meg at vi hadde kontrollert kampen heile vegen, avsluttar Førde Eriksen.
Etter sigeren ligg Os på fjerde plass. Neste helg går turen til Sogn og Fjordane og dei to tøffe bortemøta mot Førde og Stryn før Osdamene tek imot Voss på heimebane 23. januar kl 16.